Minigrammatikk for tradisjonell og einskapleg nynorsk

Nynorsken er eit ungt normalmål, men det byggjer på dei nynorske målføra som står i ubroten samanheng med gamalnorsk, det eldste skriftspråket i Norderlanda.

Denne ordlista presenterer ei norm som me vonar at nynorskfolk etter 150 års målreising kan samla seg om.

Dette er ikkje nokon fullstendig nynorsk grammatikk, men han gjev nokre oversyn og legg vekt på å få fram skilnader mellom nynorsk og bokmål.

Me held oss til innarbeidd tradisjonell nemningsbruk og ordklasseinndeling.

UTTALE

«Ved en heldig Benyttelse af de bedste Former og det bedste Stof vil derimod dette Tungemaal kunne faae en værdig skriftlig Form, som atter kunde blive et godt Forbillede for Talebrugen, saa at Skrift og Tale kunde understøtte hinanden til virkelig Forbedring paa begge Sider.» (Ivar Aasen, Norsk Grammatik § 399).

Det nynorske skriftspråket har frå fyrste stund teke omsyn til alle norske målføre. Men all den tid det ikkje byggjer på éin einskild dialekt, har heller ikkje nokon einskild dialekt vorte normerande for talen. I delar av målrørsla har det vore motvilje mot nynorsk standarduttale. Men skal nynorsken vera eit samfunnsberande, komplett språk, ja, då må det òg finnast ein definert standarduttale. Det trengst mellom anna for leseuttalen i skulen, i undervisning, i kyrkja, i teateret, i programtenesta i radio og fjernsyn osb.

Nedanfor gjev me difor nokre tilrådingar om det som ofte valdar vanskar.

Nynorsk standardtalemål – innleiande merknader

«Folk må få rulla eller skarra på r-ane sine så mykje dei lystar, tonelaget skal få visa kva for del av landet dei kjem frå, folk må få seia både itkje og ikkje, sol med tjukk l og sol med tunn l […] [Men] «adle eller æille bør bli til alle, bjødn eller bjøynn bør bli til bjørn, bord med tjukk l bør bli til bord med r-utlyd, monoftongar, til dømes i sten eller stæn, bør bli til diftongar, altså stein. Det får vera nok døme; de skjønar teikninga.» (Ola I. Breivega: Normaltalemål og målreising, 2003.)

Tilrådingane om standarduttale her dreiar seg eigentleg om å fastsetja delar av tradisjonell dialektuttale som nynorsk standardmål.

Det som er skrive om uttale her gjeld òg for i-målet, jf. § 80. Difor er det i døma òg nemnt nokre i-målsformer.

§ 1 Vokalar

Teiknbruk

Venstrevend aksent (gravaksent, grav aksent, fransk accent grave) markerer open uttale, t.d. i flòte.

Høgrevend aksent (akuttaksent, akutt aksent, fransk accent aigu) markerer trong uttale, t.d. sétt. Den høgrevende aksenten kan òg markera trykk: komité, idé.

Cirkumfleks (møne, fransk accent circonflexe) markerer trong uttale og at ein gamal d er fallen bort: vêr (saubukk; vind og vêr)

Olav T. Beito skriv (i Nynorsk grammatikk, s. 34) at med kommutasjonsprøva kan ein skilja ut desse vokalfonema i nynorsk normalmål:

/a/, /é/, /è/, /i/, /ì/, /ó/, /ò/, /ú/, /ù/, /ý/,/ỳ/, /æ/, /ø/, /å/.

  1. Venstrevend aksent over vokalane /è/, /ì/, /ò/, /ù/, /ỳ/ markerer ein open uttale:
    /è/ nærmar seg eller fell saman med æ
    /ì/ nærmar seg eller fell saman med e
    /ò/ nærmar seg eller fell saman med å
    /ù/ nærmar seg eller fell saman med o
    /ỳ/ nærmar seg eller fell saman med ø
  2. Høgrevend aksent over vokalane /é/, /ó/, /ú/, /ý/ markerer ein trong uttale. Det er den uttalen dei har når me uttalar dei som frittståande bokstavar.

Sidan det nynorske alfabetet ikkje skil mellom opne og tronge vokalar med systematisk aksentbruk, fører det stundom til tvil om korleis uttalen skal vera sidan det kan variera frå dialekt til dialekt.

Aasen ville opphavleg merkja dei opne vokalane med venstrevend aksent. Men P. A. Munch og dei andre lærde ville at Aasen skulle nytta ein merkjemåte som svara til den norrøne. «Det meinte Aasen var for tungvint, og han lét med tung hug all merkjing fara.» (Magne Myhren: etterord i Ivar Aasen: Prøver av landsmålet i Noreg, s. 153)

For å bøta på noko av denne mangelen merkjer me somme ord med aksentteikn for å visa rett uttale. Me brukar då skrivemåte med venstrevend aksent når me vil få fram at vokalen skal ha open uttale. Det er i samsvar med slik Aasen eigentleg ville ha det. I praksis dreiar det seg om tilfelle der me reknar med at det kan vera tvil om uttalen, av di ordet er relativt lite brukt, eller av di det er to eller fleire ord som i utgangspunktet vert skrivne likt, og der uttalemarkering tener til å gjera tydeleg kva ord det er, t.d. blòt (oppbløyting) til skilnad frå blot (ofring).

I nokre få tilfelle er dette prinsippet brote. Det er til dømes meir enn hundre års tradisjon for denne markeringa: lata – lèt – lét – late. Dessutan er det tradisjon for å markera trong uttale av perfektum partisipp av å sjå med akutt aksent: sédd, sétt, sédde. Markeringa tener til å sikra rett uttale og til å skilja ordet frå partisippet sett av å setja.

Men i samsvar med tradisjonen brukar me som regel ikkje slik markering som ein del av skrivemåten, men nøyer oss med å føra opp opplysning om uttale mellom skråstrekar til høgre for ordet i ordlista, t.d.
mogen moge, mogne /mógjen el mògjen/.

I dette dømet er då føremålet med opplysninga å gjera merksam på at ordet kan uttalast på to ulike måtar utan skilnad i tyding.

Nedanfor tek me for oss former der rotvokalen har, eller kan ha, ein opnare uttale enn det skrivemåten tilseier.

§ 1.1 Uttalen av i

I-en vert i sterke partisipp som til dømes bite, drive, gripe, rive, sige, skrike, skrive, slite, stige, svive, trive i mange dialektar uttala med ein open i, dvs. at han nærmar seg ein e: /bìte, drìve, grìpe, rìve, sìgje, skrìkje, skrìve, slìte, stìgje, svìve, trìve/. Den same opne i-uttalen har ein i ord som skil, skip, slit, bit, vit /skìl, skìp, slìt, bìt, vìt/. Den opne uttalen må reknast som standarduttale i slike ord. Dei som i dialekten sin har trong i-uttale, kan bruka den som standarduttale. Når det gjeld partisippa, vert dette berre nemnt her og ikkje i sjølve ordlista.

Den mjuke uttalen av k og g her skriv me meir om nedanfor.

§ 1.2 Uttalen av u

Uttalen av skriven u varierer i målføra. U-en nærmar seg ofte o, serleg framfor m, n og r: hund, munn, sumar, tung, turr, turka, ung, under. Det same gjeld i partisipp som drukke, funne, sprunge, vunne, funne. Dette gjeld òg u føre -kk, -ks og -kt, t.d. i ord som bukk, sukker, bukse, bukt. Dette gjeld òg dei klassiske skrivemåtane um og upp. I alle desse døma bør ein i standardmålet kunna bruka den uttalen ein har i målføret sitt. Dei som ikkje har nokon dialekt, vil me rå til å bruka ein open uttale av desse u-ane og ikkje leggja vanleg bokmålsuttale til grunn.

§ 1.3 Uttalen av y

I mange dialektar har y-en i ein del ord ein open uttale – – som er ein mellomting mellom y og ø, t.d. bylgje, dryn, dyn, dylja, fylgja, fylgje, klyppar, lygn, lykel (les: lỳkjel), mylje, nykel (les: nỳkjel), skyr, styn, syrgja, syrgjeleg, sylgje, sylv, tytte, vyrda, vyrdnad. Ein del dialektar har uttale med ø her. Båe variantane må kunna godtakast som standarduttale. Opplistinga er ikkje fullstendig. Relativt lite brukte ord som drỳn, dỳn, skỳr og stỳn har me ført opp som oppslagsformer med aksentteikn, dvs. at dei òg bør skrivast slik for å hindra at dei får feil uttale.

§ 1.4 Uttalen av æ

Når det gjeld fordelinga æ–e, er den i hovudsak tufta på skrivemåten i gamalnorsk. Det er då ofte slik at det vert skrive æ når lyden kjem av ein å, og e når lyden kjem av ein a (linn omlyd). Æ-en har ein heller liten plass i nynorsk, og /æ/ er i stor grad fallen saman med /è/ i mange dialektar: bræka, fæl, fæla, fræsa, kræmar, kvæsa, nær, skræma, æsing. Her kan ein fylgja dialektuttalen sin og vera merksam på at han ikkje må uttalast kunstig breitt.

§ 2 Diftongar

Uttalen av diftongane au, ei, og øy varierer noko i dialektane. So lenge dei vert uttala som diftongar i samsvar med skrivemåten, so er desse variasjonane berre til glede. I nynorsk kan diftongane vera både lange og stutte (avstytte): brei, breitt. Bokmålet har ikkje stutte diftongar, og difor er det ikkje uvanleg at folk med bokmålsbakgrunn uttalar ord som raudt som /raut/ slik at det fell saman med uttalen av raut (lyden som kua lagar). Det er feil. Det skal vera /rautt/.

§ 3 Konsonantar

§ 3.1 Om uttalen av k/kk og g/gg

Nynorsk skil seg frå bokmål med å ha mykje j-uttale av k og g når det kjem ein e eller i direkte etter. Me skal her ta for oss ein del vanlege tilfelle der det ikkje vert skrive kj eller gj, men der uttale med kj eller gj likevel må reknast som standarduttale:

  1. Ubunden form eintal av hankjønnsord på -ke, -ge, som ein bakke, ein hage (les: bakkje, hagje). Det vert derimot alltid hard uttale i fleirtalsformene bakkar, bakkane, hagar, hagane av di det då kjem ein a direkte etter k-en og g-en. Det vert òg hard uttale i samansetningar med slike ord endå om dei no vert skrivne med e: hagegjerde, bakketopp. Dette skriv seg frå at det opphavleg var a her (slik det framleis er i ein del dialektar): hagagjerde, bakkatopp.
  2. I substantiv som endar på -k og -g i ubunden form, når endingane -en, -i, -et, -er eller -ene vert lagde til: dagen, boki, taki, taket, sager, sagene, marker, markene (les: /dagjen, bokji, takji, takje, sagjer, sagjene, markjer, markjene/).
  3. Adjektivformer som fegen, vaken, fegi, vaki, fege, vake (les: /fegjen, vakjen, fegji, vakji, fegje, vakje, men fegne, vakne/)
  4. I notid av verb skal k og g òg uttalast med j føre -er, anten j-en er skriven eller ikkje: tenkjer, byggjer, vaker, duger (les: /tenkjer, byggjer, vakjer, dugjer/). Men vaka og duga med hard k og g av di dei vert etterfylgde av ein hard vokal (a).
  5. Perfektum partisipp av sterke verb: teken, teki, teke, dregen, dregi, drege (les: tekjen, tekji, tekje, dregjen, dregji, dregje, men tekne, dregne med hard uttale av di dei ikkje vert etterfylgde av ein linn vokal, e eller i).
  6. Ein del einskildord: ingen, ingi, eigen, eigi, lenge, begge, lykel, spegel (les: /ingjen, ingji, eigjen, eigji, lengje, beggje, lykjel, spegjel/). Lista er ikkje fullstendig. Ordlista markerer som regel tilfelle der det kan vera tvil om det skal vera linn eller hard uttale.

Merknad 1: Ubunden form eintal av linne hokjønnsord på -ke, -ge, som luke og soge, skal uttalast med hard k og g jamvel om det fylgjer ein e etter k-en og g-en. Overgangen til j-uttale av k og g framfor linne vokalar var nemleg fullførd medan dialektane som i dag har former som ei luke og ei soge, enno hadde formene ei luka og ei soga. Dei opphavlege, ureduserte formene lever elles i beste velgåande på Sør-Vestlandet, på Sør-Helgeland og i Troms. Det skal òg vera hard uttale i luker og soger; dette skriv seg frå at her er harde vokalar (o eller u) det opphavlege, slik det framleis er i former som lukor og sogor, jf. § 19.

Merknad 2: Dialektane i ei stripe frå Valdres til indre Sogn har hard uttale av k og g i former som bakke, teken, taket, dagen, boki, vaken, og det lyt òg reknast som normaluttale i nynorsk.

§ 3.2 Uttalen av d

«Mellom vokalar og etter vokal i utlyd har gno. ð einast halde seg i nokre bygdemål sørvest på Sunnmøre og ytst i Nordfjord. Andre stader på Sunnmøre og i Nordfjord har ð her gått over til d. Elles i landet er gno. ð vanleg bortfallen intervokalisk og postvokalisk i utlyd […]. Aasen skreiv d for gno. ð i alle høve, og ville at han skulle uttalast.» (Olav T. Beito: Nynorsk grammatikk, s. 82)

Me meiner at uttale med stum d må godtakast i nynorsk standardtalemål. Skriftbunden uttale med d i Gud er vel einerådande, og vanleg i til dømes nåde, men uttale utan d må òg reknast som rett standarduttale av nåde. Dei som i målføret sitt uttalar d-en i desse stodene, treng ikkje lata dei forstumma når dei talar standardnynorsk, men det vert ikkje nemnt som uttaleopplysning til dei einskilde oppslagsorda i ordlista.

Stum d må reknast som standarduttale etter r i ord som ord, bord, gard.

Skriftbunden uttale med rd er vanleg i eit ord som sverd, kanskje i varde òg, men tradisjonell uttale med stum d må absolutt reknast som standarduttale, det med.

I ordlista er det som regel gjort merksam på tilfelle der det er vanleg med skriftbunden uttale av d.

DEI EINSKILDE ORDKLASSANE

SUBSTANTIV (§ 4–23)

Bøying av hankjønnsorda

§ 4 Dei fleste hankjønnsorda får -ar i fleirtal:

gut – guten – gutar – gutane
fiskar –fiskaren – fiskarar – fiskarane
hane – hanen – hanar – hanane

§ 5 Ord på -al, -an, -ar, -el, -er og -ul får ofte samandregne former i fleirtal:

apal – apalen – aplar – aplane
aftan – aftanen – aftnar – aftnane
sumar – sumaren – sumrar – sumrane
lykel – lykelen – lyklar – lyklane
åker – åkeren – åkrar – åkrane
jøkul – jøkulen – jøklar – jøklane

§ 6 Legg serskilt merkje til desse orda:

ljå – ljåen – ljår – ljårne
sko – skoen – skor – skorne
feil – feilen – feil – feila
ting – tingen – ting – tinga

§ 7 Ein liten flokk hankjønnsord får -er i fleirtal:

a) gjest – gjesten – gjester – gjestene

Slik bøying har t.d. brest, bỳl (vindkast), døl, egd (person frå Agder), gjest, gong, gris, kvist, led, lem, lest (eit holmål), let, lut, mon, rett (matrett), sau, sed, stad, stỳl (nedste delen av eit strå), sygn, tele (telemarking) og ven.

Endar eit slikt ord på k eller g og har ein linn vokal i rota, får det -jer i fleirtal:

b) bekk – bekken – bekkjer – bekkjene
vegg – veggen – veggjer – veggjene

Dette gjeld bekk, belg, benk, dregg (småbåtanker), dreng, drykk, flekk, hegg, klegg, legg, nekk (reinskalv), rygg, rykk, sekk, serk, skjeng (brei stripe), skjenk (drykk; buffé), sleng, stegg, stilk, sting, streng, svelg (i tydinga slurk), vegg, veik, veng, øyk, og dessutan avleidde folkenamn på -bygg (t.d. selbygg – selbyggjer).

Merknad 1: Samansetningar med slike ord som fyrstelekk og som har e i samansetningsfuga, vert skrivne med j: bekkjefar, benkjeframlegg, strengjemusikk. Ein del dialektar har her a i samansetningsfuga: bekkjafar, benkjaframlegg, strengjamusikk.

Merknad 2: Rykk kan òg vera inkjekjønn og får då vanleg inkjekjønnsbøying.

§ 8 Ord på -nad og framandord på -a får òg -er i fleirtal:

merknad – merknaden – merknader – merknadene
sofa – sofaen – sofaer – sofaene

§ 9 Ein liten flokk ord får -er og omlyd i fleirtal:

son – sonen – søner – sønene
ås – åsen – æser – æsene
(norrøn gud)

§ 10 Ein liten flokk ord får -er, omlyd og einstavingstonelag i fleirtal:

bonde – bonden – bønder – bøndene
fot – foten – føter – føtene
mann – mannen – menn(er) – mennene
nagl – naglen – negler – neglene

bror – broren – brør – brørne
far – faren – fedrar – fedrane

Merknad: Bror og far vert som regel tekne med her jamvel om dei ikkje stettar tonelagskriteriet.

Bøying av hokjonnsorda

§ 11 Hovudregelen er at hokjønnsord som endar på konsonant, vert bøygde slik:

bygd – bygda – bygder – bygdene

Slike ord kallar me sterke hokjønnsord, og bøyinga kallar me sterk bøying.

Merknad: I i-mål endar dei sterke hokjønnsorda på -i i bunden form eintal (bygdi, tyngsli, frøkni, huldri, systeri, divai, andi, dotteri, musi, tåi, dronningi, hesi osb.). Me viser her til § 80, som gjev ei samla framstilling av i-målet.

§ 12 Nokre hokjønnsord på -el, -en og -er får samandregne former både i eintal og fleirtal:

aksel – aksla – aksler – akslene
frøken – frøkna – frøkner – frøknene
hulder – huldra – huldrer - huldrene

Merknad: Aksel kan òg heita oksl som har slik bøying: oksl – oksla – aksler – akslene.

§ 13 Nokre ord på -el, -en og -er får samandregne former berre i fleirtal:

syster – systera – systrer – systrene

§ 14 Ei lita gruppe framandord på trykklett -a har sterk bøying:

ei diva – divaa – divaer – divaene

I former som divaa er sluttvokalen ei eiga staving (diva-a).

§ 15 Ein liten flokk på om lag tjue hokjønnsord får omlyd i fleirtal:

and – anda – ender – endene
dotter – dottera – døtrer – døtrene
mus – musa
– myser – mysene
tå – tåa – tær – tærne

§ 16 Hokjønnsord på -ing får -ar i fleirtal:

dronning – dronninga – dronningar – dronningane

§ 17 Ein liten flokk på om lag førti hokjønnsord får -ar i fleirtal:

elv – elva – elvar – elvane

Slik bøying har brik (rekkverk, skranke), bỳrd, elv, erm, flis, geil, gimber, greip, grind, gyger, helg, hei, herd, hind, hit (skinnsekk), kleiv, kvern, lever, lind, merr, mjødm, myr, never, onder (ski med skinn), reim, rim (fjøl), rip (båtrip), røy, røyr (lyske), røys, sén, sild, spik, sæter/seter, vik, øks, ørn, øy, øyr og år (blodår, år i båt).

Merknad: Rip kan òg ha forma ripe, og år kan ha forma åre. Dei har då vanleg linn hokjønnsbøying.

§ 18 Nokre få hokjønnsord har -jar i fleirtal:

hes – hesa – hesjar – hesjane

Slik bøying har dỳs, egg (fjellrygg, knivsegg), eng, hes, il (fotsole), kløv og skjel.

Merknad 1: Skjel kan òg vera inkjekjønnsord og skal då ha vanleg inkjekjønnsbøying.
Merknad 2: Aasen skriv i Norsk Ordbog at seng dels har sengjar, dels sengjer i fleirtal. Her er ordet ført opp med sengjer i fleirtal.
Merknad 3: Døme på samansetningsformer er engjeblom, engslått, sengjehalm, sengklede.

§ 19 Hokjønnsord som har meir enn ei staving og endar på trykklett -e i ubunden form eintal, vert bøygde slik:

ei vise – visa – viser – visene eller ei vise – visa – visor – visone

Ein må sjølvsagt vera konsekvent og bruka same bøyinga for heile kategorien. Slike ord kallar me linne hokjønnsord, og bøyinga kallar me linn bøying.

Merknad: I i-målet kan dei linne hokjønnsorda òg enda på -a i ubunden form eintal, sjå § 80.5.

§ 20 Ein del linne hokjønnsord av framandt opphav misser endingsvokalen når dei er fyrstelekk i samansetningar:

ei avise – avisinnlegg, ei aprikose – aprikossuppe, ei appelsine – appelsinskal.

Merknad: Somme av desse orda kan òg vera hankjønn, men endar då på konsonant, t.d. aprikos, appelsin.

Bøying av inkjekjønnsorda

§ 21 Inkjekjønnsorda får ikkje ending (null-ending) i ubunden form fleirtal, og dei endar på -a i bunden form fleirtal:

hus – huset – hus – husa
kontor – kontoret – kontor – kontora
eple – eplet – eple – epla
skjema – skjemaet – skjema – skjemaa

Legg merkje til at inkjekjønnsorda på trykklett -a får obligatorisk tillegg av -a i bunden form fleirtal: skjemaa. I former som skjemaa er sluttvokalen ei eiga staving (skjema-a).

To- eller fleirstava inkjekjønnsord som endar på kj eller gj (evt. ke eller ge)

fylgje – fylgjet – fylgje – fylgja
ynskje – ynskjet – ynskje – ynskja

I tradisjonen fram til 1917 vart om lag to tridjepartar av desse ca. 60 orda skrivne med j. Tradisjonell dialektuttale er med j i endestavinga i alle desse orda. Som ein del av tilnærmingspolitikken vart j-en fjerna i dei fleste av dei i 1917. Mange tradisjonalistar har skrive ein del av desse orda utan j, men for dei var det sjølvsagt at desse k-ane og g-ane likevel skulle uttalast med kj eller gj framfor e eller i. På grunn av den stadig aukande tilnærminga til bokmål som har gjenge føre seg i offisiell nynorsk, er me redde at kunnskapen om den mjuke uttalen skal verta gløymd i nynorsk tale. For å hindra det skriv me j i alle desse inkjekjønnsorda (sume av dei har vore skrivne med j frå Aasen og til dags dato, men er likevel medtekne her for oversyns skuld):

byskje, bægje, dekkje, dikje, drøgje, dykje, eigje, eikje, fengje, fiskje, flygje, fløkje, fylgje, fylkje, gjengje, glyggje, godtykkje, hengje, herbyrgje, herkje, hyggje, hylkje, hyskje, illtykkje, krøkje, kveikje, lægje, løgje, løkje, menneskje, merkje, omgjengje, ordtøkje, rikje, ryskje, rækje, samtykkje, sikje, skjækje, skyggje, spekje, stekkje, stengje, styggje, stykkje, søkkje, tekkje, tilgjengje, tiltøkje, tykkje, tyngje, tægje, tøkje, ufriskje, usamtykkje, ynskje, vyrkje, vægje, yrkje

Tufta på skriftpraksis hjå tradisjonelle språkmeistrar, har me sett opp valfri skrivemåte i ein del av desse orda: dike /el dikje -et. Ved dei j-lause formene har me då teke med uttaleopplysning. Bøyinga vert då slik når ein skriv a-mål:

fylke – fylket – fylke – fylkja (uttale med j i alle former)
eller fylkje – fylkjet – fylkje – fylkja
rike – riket – rike – rikja
(uttale med kj i alle former)
eller rikje – rikjet – rikje – rikja

Dette gjeld: dike, fiske, fylke, gjenge, omgjenge, tilgjenge, merke, rike, stykke, tøke, ordtøke, tiltøke, og yrke. Denne valfridomen gjeld ord for ord: Sjølv om du skriv fiske, fylke og rike t.d., kan du likevel skriva t.d. vyrkje og yrkje. Men dersom du skriv inkjekjønnsordet gjenge utan j i endestavinga, bør du òg skriva omgjenge, tilgjenge.

Inkjekjønnsord på trykklett -el og -er kan i eintal med få undantak ha samandraging i bunden form. I fleirtal skal mest alle inkjekjønnsorda som endar på -el, ha samandraging i bunden form, medan dei som endar på -er, kan ha samandraging:

middel – mid(de)let – middel – midla
senter – sent(e)ret – senter – sent(e)ra

Ordet våpen går slik: våpen – våpenet – våpen – våpna

Merknad: I i-mål endar dei sterke inkjekjønnsorda på -i i bunden form fleirtal (husi, kontori, epli, skjemai, midli, senteri osb.). Me viser her til § 80, som gjev ei samla framstilling av i-målet.

§ 22 Auga, eista, hjarta, hyrna, noda, nyra, nysta, okla og øyra skal bøyast etter dette mønsteret:

auga – auga – augo – augo

Merknad: I samansetningar får eista, hjarta, hyrna, noda, nyra, nysta, okla og øyra -e-: hjartesorg. Auga får -ne-: augneblink, augnekontakt. Eista, nyra og okla kan òg vera hokjønn: ei eiste, ei nyre, ei okle. Hyrna kan òg ha forma hjørne og har då vanleg inkjekjønnsbøying.

§ 23 Barn skal bøyast slik:

barn – barnet – born – borna

ADJEKTIV (§ 24–28)

§ 24 Dei fleste adjektiva vert bøygde slik:

stor (m.) – stor (f.) – stort (n.) – store (pl.)

Etter vera og bli/ verta vert adjektivet som regel bøygt i kjønn og tal etter det substantivet det står til. Det kallar me samsvarsbøying.

Merknad 1: Stundom set me predikativet i inkjekjønn jamvel om substantivet er hankjønn, hokjønn eller i fleirtal. I slike tilfelle vil det vera mogleg å setja inn eit ‘det’. Mat er godt (Mat, det er godt). Maten er god.(Maten, han (evt. den) er god). Pannekaker er godt. Pannekakene er gode. Ein kaffi hadde vore godt no. Kaffien var god. Nye reglar er uaktuelt no. Dei nye reglane er ikkje aktuelle no.

Merknad 2: I sume faste ordlag kan predikativet missa bøyinga: Dei vart ikkje kvitt han/honom. Dei vart var (eller vare) henne.

§ 25 Når det gjeld inkjekjønnsforma, er reglane slik:

  1. Dersom adjektivet endar på dobbelkonsonant, fell den eine som regel ut framfor -t:
    grann – grant, snøgg – snøgt, still – stilt, tøff –tøft. Viktige undantak: full – fullt, viss – visst (for å unngå samanblanding med fult og vist).
  2. Einstava adjektiv som endar på vokal eller diftong, får -tt i inkjekjønn: ny – nytt, blå – blått, snau – snautt.
  3. Fleirstava adjektiv på -sk, nasjonalitetsadjektiv på -sk og adjektiv på -leg får ikkje t i inkjekjønn: Eit spartansk måltid, eit fransk ord, eit fårleg spel.
  4. Merknad 1: Einstava adjektiv som beisk, falsk, fersk, frisk og rask fylgjer hovudregelen med -t i inkjekjønn eintal: beiskt. Men ein del einstavingsord med lange konsonantsamband (mange konsonantar på rad) får ikkje -t i inkjekjønn eintal, til dømes: bondsk, glupsk, gløymsk, hatsk, knipsk, nidsk, skjelmsk, spotsk, sprelsk, svinsk, synsk, trolsk.

    Merknad 2: Inkjekjønns- og adverbforma av adjektiv på -ug skal fylgja hovudregelen og enda på -t. Når det gjeld adjektiv og adverb som endar på -ig, er det valfritt med eller utan -t: Bøyinga med -t har vore forboden sidan 1938, men lever framleis friskt i målføra: Dette er viktigt. Uvitugt snakk.

  5. Adjektiv som endar på -t med konsonant føre, får ingen ny t lagt til i inkjekjønn: eit fast grep. Det gjer heller ikkje adjektiv med etterfestet -ut: eit bårut hav.
  6. Adjektiv og perfektum partisippformer som er avleidde med etterfesta -d og -dd, får -t og -tt i inkjekjønn: ein sjeldfengd fisk – eit sjeldfengt eksemplar, ein tungrodd båt – eit tungrott skip.
  7. Inkjekjønnsforma av jamn er jamt: eit jamt sig. Glad og redd får ingen -t i inkjekjønn: Eit glad andlet, eit redd barn. Men det kling ikkje godt, og ein unngår dei nok helst i inkjekjønn.
  8. Nokre adjektiv som endar på ein vokal, får inga ending i inkjekjønn: gra, edru.

§ 26 Når det gjeld fleirtalsforma på -e, skal ein merka seg fylgjande:

  1. Adjektiv som endar på trykklett -el eller -er, vert samandregne føre -e: edel – edle, ussel – usle, fager – fagre, mager – magre.
  2. og små kan missa fleirtalsendinga -e: små(e) hestar
  3. Adjektiva dim, dum, stum får mm føre fleirtalsendinga -e, lam og tam kan ha enkel eller dobbel m føre -e, medan tom skal ha enkel m: dumme gutar, tam(m)e fuglar, tome hus, det tome huset.

§ 27 Adjektiv på -en skal fylgja dette mønsteret:
open (m.) – open (f.) – ope (n.) – opne (pl.)

Liten og eigen skal bøyast slik:
liten – lita – lite – små(e)
eigen – eiga – eige – eigne

Merknad 1: I i-målet endar hokjønnsformene på -i: opi, liti, eigi, sjå § 80.

Adjektiva beskjeden, gebrokken, gedigen, overlegen og underlegen skal bøyast slik:
beskjeden (m.) – beskjeden (f.) – beskjedent (n.) – beskjedne (pl.).

Merknad 2: gyllen, kristen og ullen kan bøyast som open eller beskjeden.

§ 28 Adjektiv utan bøying i eintal og fleirtal

  1. Fleirstava adjektiv på -a, t.d. einstaka, eldhuga, raudhåra, prima, soleis òg perfektum partisipp på -a: ein uventa beskjed.
  2. Fleirstava ord som endar på trykklett -e: moderne. Adjektiv og presens partisipp på -ande høyrer med her: Brødet, brøda er etande.
  3. Ein del fleirstava ord som endar på andre vokalar, t.d. groggy, innmari, sjalu.
  4. Adverb og substantivformer som vert nytta adjektivisk, t.d. bra, feil, framifrå, medels, stakkars: Framifrå vegar.

TALORD (§ 29–32)

§ 29 Grunntala

Grunntala (kardinaltala) brukar ein i teljing.

Dei heiter: ein, to, tre eller tri, fire, fem, seks, sju, åtte, ni, ti, elleve, tolv, trettan el. tretten, fjortan el. fjorten, femtan el. femten, sekstan el. seksten, syttan el. sytten, attan el. atten, nittan el. nitten, tjue, ein og tjue el. tjueein, tretti, førti, femti, seksti, sytti, åtti, nitti, hundre, (eit) hundre og ein, hundre og sju og seksti el. hundre og sekstisju osb., (eit) tusen, (ein) million, (ein) milliard, (ein) billion, (ein) trillion.

Merknad 1: Grunntala på -tan el. -ten har mange former i dialektane: trettan, tretta, trettån, trettå, tretto, tretten, tret’n, tritten.

Merknad 2: Stortinget fastsette ny offisiell teljemåte med verknad frå 1. juli 1951, men i talemålet er det ganske vanleg å seia ein og tjue osb. i staden for tjueein osb.; dersom ein brukar gamal teljemåte, bør ein skriva det slik: ein og tjue, fem og seksti osb.

§ 30 Tal skrivne med bokstavar:

Tal til og med tolv skriv me som regel med bokstavar.

Talord under 100 skriv me slik:
tjueein, sekstisju (med gamal teljemåte: ein og tjue, sju og seksti)

Grunntal over 100 og rekkjetal skriv me med fleire ord:
to hundre, fem hundre og sekstifem, to tusen fem hundre og trettito; tjuefyrste (med gamal teljemåte: fem hundre og fem og seksti, to tusen fem hundre og to og tretti; ein og tjuande)

§ 31 Rekkjetala

Rekkjetala (ordenstala) er:

fyrste, andre, tredje el. tridje, fjerde, femte, sjette, sjuande, åttande, niande, tiande, ellevte, tolvte, trettande, fjortande, femtande, sekstande, syttande, attande, nittande, tjuande, ein og tjuande el. tjuefyrste osb., trettiande, førtiande, femtiande, sekstiande, syttiande, åttiande, nittiande, hundrade, tusende, millionte, milliardte, billionte.

§ 32 Nemnaren i brøkar

I nemnaren i brøkar brukar me rekkjetal + -del eller -part: ein fjerdepart, ein syttandedel, ein tjuefjerdedel (med gamal teljemåte: ein fire og tjuandedel). Undantak: hundradedel kan òg heita hundredel, og tusendedel kan òg heita tusendel.

PRONOMEN (§ 33–38)

§ 33 Personlege pronomen

EINTAL
 subjektsformobjektsformgenitivsform
1. personegmeg(min)
2. persondudeg(din)
3. personhan; ho; dethan/honom; henne; dethans; hennar; (dess*)

Merknad * Denne forma vert berre brukt i nokre sjeldsynte ordlag: Det er von dess (til det). Elles vert det brukt omskrivingar i nynorsk: bm Ordet og dets uttale > nno Ordet og uttalen det har, bm Island og dets befolkning > nno Island og folket der osb.

FLEIRTAL
 subjektsformobjektsformgenitivsform
1. personme/vioss(vår)
2. persondedykkdykkar
3. persondeideideira

I fyrste og andre person eintal og i fyrste person fleirtal brukar me eigedomspronomen (min, din, vår) i staden for dei opphavlege genitivsformene.

Merknad 1: : I nynorsk rettar pronomena han (han/honom, hans), ho (henne, hennar) og det seg vanlegvis etter genus av substantivet, t.d. mannen – han, kona – ho, barnet - det. Dei vert ikkje berre brukte om personar, men òg om dyr, ting og abstrakt, sjå §§ 34 og 61.

Merknad 2: I somme dialektar brukar dei oss òg som subjektsform i tridje person fleirtal. I somme dialektar brukar dei objektsforma òg som subjektsform i andre person fleirtal. I klassisk nynorsk heiter objektsforma i 3. person fleirtal deim, jf. målføreformer som dem og døm.

§ 34 Peikande (demonstrative) pronomen

Dei peikande pronomena er den, denne og hin.

Den – det – dei vert brukte som peikande pronomen på to måtar. Anten utpeikande, understrekande: Den båten stemner hit. Kjenner du dei? Eller med ironisk eller skjemtande tyding: Høyr på den! Sjå på den!
Med tilvisande (anaforisk) tyding vert den brukt TRYKKSTERKT om ting og abstrakt. Ofte kan det skifta mellom trykksterkt peikande pronomen og personleg pronomen slik: Stølen vår er bra den … men han er helst til sumarbruk.
Utan trykk er det feil å bruka den: Denne bilen vil eg ikkje ha om du so kastar *den etter meg!
Om levande skapningar og serleg om folk nyttar ein sjeldnare den, jamvel i trykksterk stode. Døme er: So kasta han ei skinke til løva; den til å gnaga og eta (vanlegare: ho til å gnaga og eta). I samband med som er den vanleg: Den som lite sår, han lite haustar, jf. § 61 nedanfor.

Denne – dette – desse vert i nynorsk brukt med utpeikande, understrekande funksjon: Denne vegen er kortast. Desse husa er til sals. Eg tek denne (her).
Ein ser stundom at somme brukar denne tilvisande (anaforisk): Direktør Puntervold kom med framlegg om ei sildelov, og denne sette Oftedal ut i livet. Slik bruk vil me rå ifrå. I staden kan ein bruka den – det – dei trykksterkt (eventuelt med substantivet etter): Direktør Puntervold kom med framlegg om ei sildelov, og den lova sette Oftedal ut i livet.

§ 35 Det refleksive pronomenet

Det refleksive pronomenet heiter seg. Det har berre objektsform og vert berre brukt om tredje person (han, ho, det, dei). Dersom subjektet er fyrste eller andre person, brukar ein objektsformene av dei personlege pronomena i staden. Eg slo meg. Me sette oss.
Når seg står til ein infinitiv, kan setninga stundom verta tvitydig: Han bad dei gjeva seg tid = Han bad dei gjeva seg sjølve tid eller […] gjeva han tid.
I somme faste ordlag kan seg visa attende til eit anna ord enn subjektet: Dette må han leggja for seg.

§ 36 Resiproke pronomen

Det finst to slike pronomen i nynorsk: einannan og kvarandre. Dei merkjer av eit gjensidig tilhøve mellom to eller fleire og viser vanleg attende til eit subjekt i fleirtal; stundom kan det òg visa til eit eintalsord med fleirtalstyding (constructio ad sensum): Heile flokken ropte i munnen på kvarandre.
Tilhøyrsle vert markert med garpegenitiv eller til eller åt: Dei brukte kvarandre sine skor. Dei brukte skorne til kvarandre.

§ 37 Eigedomspronomen

EINTAL
   hankjønnmindinsinvår
   hokjønnmidisivår
   inkjekjønnmittdittsittvårt
FLEIRTALminedinesinevåre

§ 38 Ubundne pronomen

Annan, einkvan, ingen og nokon får denne bøyinga:

annaneinkvaningennokon
hankjønnannaneinkvan*ingennokon
hokjønnanna/onnoreikoringanoka/nokor
inkjekjønnannaeitkvartinkjenoko
FLEIRTALandre-ingennokon/nokre

* Merknad: Aasen skreiv einkvar, men nemnde òg forma einkvan, som kjem av ei akkusativform i gamalnorsk.

Det er til dels noko ulikt innhald i fleirtalsformene nokre og nokon. Nokre brukar me om noko som langt på veg er sikkert, stundom om noko som kan teljast, då berre nokre få, men ikkje færre enn tre.

Fleirtalsforma nokon brukar me mellom anna når me spør etter noko uvisst: Såg du nokon sauer i Stordalen i dag? Her veit ikkje spørjaren om det finst nokon sauer der i det heile, eller kor mange det eventuelt var. Derimot: Såg du nokre sauer i Stordalen i dag? Her veit spørjaren at det plar gå nokre få sauer der, og han lurer på om du såg dei.

Nokre kan ikkje brukast i nekting: Nei, eg såg ikkje nokon sauer der. Dersom ei utsegn byggjer på at ein trur at noko ikkje vil skje, brukar ein heller ikkje nokre: Eg tvilar på at nokon kjem.

Merknad: Formene med onnor og nokor kan nyttast både i a-mål og i-mål; i i-mål, jf. § 80, er forma ingi obligatorisk i hokjønn eintal og valfri i fleirtal.

Døme på bruk av einkvan:
Einkvan stad lyt han då vera. Eikor løysing finn du nok. Olav stod som han lydde etter eitkvart.

Legg merkje til at einkvan på nynorsk tyder ‘ein eller annan’ og svarar ikkje til bokmål enhver: Noe for enhver smak > Noko for kvar (ein) smak. Ethvert forsøk på oppstand blir slått ned > Alle forsøk på oppstand vert slegne ned. Dette må du for enhver pris unngå > Dette må du unngå, kosta kva det kosta vil.

VERB (§ 39–48)

§ 39 Infinitivsendinga

Infinitivsendinga skal vera -a: å vera, å kasta.

Merknad 1: I ein del linne verb er infinitivsendinga fallen bort slik at dei endar på rotvokalen, t.d. bu, nå og tru.

Merknad 2: I målføra som har e-infinitiv eller kløyvd infinitiv, er a-en vorten ståande i refleksiv infinitiv (kan brukast) og i presens partisipp (brukande). A-en står òg i ord som skrivar (nomen agentis – dvs. ord for den som utfører ei handling).
Ein del verb har, eller kan ha, st-former. Infinitiv av desse verbformene skal ha endinga -ast, med to undantak: å slåst (berre i resiprok tyding, elles slåast) og å låst (= å lata som). St-verba vert omtala grundigare i § 66.

§ 40 Presens partisipp

Presens partisipp endar på -ande: Han kom springande. Bladet vart heitande «Firda».

§ 41 Imperativ

Imperativ er som hovudregel lik stomnen av verbet: Skriv! Gå!

I verb av kasta-klassen (fyrste klassen av linne verb) kan imperativ òg enda på -a:
Kasta! eller Kast! Forma på -a høver best når verbet sluttar på ei konsonantgruppe som er vanskeleg å uttala: Opna/opn pakken!
Verb som høyrer til denne klassen og som endar på -j (utan g, gg, k eller kk framfor), skal ha j-en med i imperativ:
Vitj! eller Vitja!
I alle andre tilfelle fell j-en i enden på stomnen bort når ein brukar stomnen som imperativform: Bylg, du hav! Fylg meg! Set frå deg kaffikoppen!

Nokre få verb har serskilde imperativformer. Dei vert i denne ordlista førde opp som opplysning om bøyinga, t.d. ganga – gjeng – gjekk – gjenge; imp. gakk!

§ 42 Oversyn over verbtidene

Aktiv

Presens: dømer, tek
Preteritum: dømde, tok
Perfektum: har dømt, har teke
Pluskvamperfektum: hadde dømt, hadde teke
1. futurum: skal døma, skal ta
2. futurum: skal ha dømt, skal ha teke
1. kondisjonalis: skulle døma, skulle ta
2. kondisjonalis: skulle ha dømt, skulle ha teke

Merknad: Språkrådet vedtok nye nemningar i 2005: presens perfektum i staden for perfektum og preteritum perfektum i staden for pluskvamperfektum. Her brukar me dei tradisjonelle nemningane.

Ha kan sløyfast i 2. kondisjonalis når det det er snakk om eit tenkt, ikkje verkeleg tilfelle (irrealis): Ho skulle reist med ein gong, so hadde ho berga livet, men ikkje når det uttrykkjer noko usikkert i fortida: Ho skulle visstnok ha teke bussen til Berlin, jf. bruken av 2. futurum for å uttrykkja noko usikkert i samtida Ho skal ha teke bussen til Berlin.

Passiv

Presens: vert dømd, vert teken (om bøying av partisippet, sjå òg § 43 og § 80.2a)
Preteritum: vart dømd, vart teken
Perfektum: har vorte dømd, har vorte teken
Pluskvamperfektum: hadde vorte dømd, hadde vorte teken
1. futurum: skal verta dømd, skal verta teken
2. futurum: skal ha vorte dømd, skal ha vorte teken
1. kondisjonalis: skulle verta dømd, skulle verta teken
2. kondisjonalis: skulle ha vorte dømd, skulle ha vorte teken

§ 43 Perfektum partisipp

Perfektum partisipp av sterke verb skal samsvarsbøyast etter bli/verta og vera:

Hankjønn og hokjønn har endinga -en: Romanen er skriven. Boka er skriven.
Inkjekjønn og supinum har endinga -e: Brevet er skrive. Eg har skrive boka, jf. § 80.2.

Merknad 1: Partisippformene gått, stått skal vera ubøygde i predikativ stilling: Dei er gått. Dei er misforstått. Partisippformene gjengen og staden har vanleg samsvarsbøying. Dei er gjengne. Dei er misforstadne.

Òg perfektum partisipp av linne verb som predikativ skal bøyast i kjønn og tal i samsvar med subjektet (stundom òg objektet) det står til (samsvarsbøying). Etter bli/verta og vera skal bøyinga difor vera slik:

han/ho er spurd – det er spurt – dei er spurde
han/ho er kjøpt – det er kjøpt – dei er kjøpte
han/ho er bygd – det er bygt – dei er bygde
han/ho er nådd – det er nått – dei er nådde

Merknad 2: Adjektivforma -havd i ord som førehavd og medhavd skal ha vanleg samsvarsbøying: Saka er førehavd, framlegget er førehavt, sakene er førehavde.

Merknad 3: A) Sykling forbode. B) Syklinga vart forboden. Forklaring: Sykling, det å sykla (generelt) er forbode. Syklinga som gutane hadde halde på med på skuleplassen (eit konkret tilfelle av sykling) vart forboden.

§ 44 Supinum

Supinum kallar me forma som hovudverbet får etter hjelpeverba ha og: Han har dømt. Han har teke. Kan du få sendt pakken i dag? Supinum av verba er lik nøytrumsforma av partisippet. Det gjeld både sterke og linne verb.
Supinum av linne verb endar difor alltid på -t: Han har spurt, kjøpt, bygt, arbeidt, nått. Ho fekk bygt seg eit stort hus øvst i dalen.

§ 45 Verbklassane

Etter bøyinga vert verba delte inn i to hovudtypar: sterke og linne.

§ 46 Sterke verb

Sterke verb kallar me dei verba som får vokalskifte i preteritum og perfektum partisipp. Dette vokalskiftet kallar me avlyd (lydsprang). Ut frå avlyden vert dei sterke verba delte inn i sju klassar. Nedanfor fører me opp infinitiv – presens – preteritum – supinum og fører opp eitt eller nokre få døme i kvar klasse.

Vokalskiftet som somme av verba har frå infinitiv til presens, vert kalla omlyd (lydbrigde) og er eit anna fenomen enn avlyd. Me går ikkje nærare inn på det her.

a)
Fyrste klassen
bita – bit – beit – bite

b)
Andre klassen
bryta – bryt – braut –brote

c)
Tridje klassen
bresta – brest – brast – broste
finna – finn – fann – funne
søkka – søkk – sokk – sokke

d)
Fjerde klassen
bera – ber – bar – bore

e)
Femte klassen
lesa – les – las – lese

f)
Sjette klassen
fara – fer – fór – fare

g)
Sjuande klassen
blåsa – blæs – bles – blåse

§ 47 Linne verb

Linne verb kallar me dei verba som lagar preteritum med ending (-a, -de, -te).

På grunnlag av bøyinga vert dei linne verba tradisjonelt delte inn i fire klassar.

a)
Fyrste klasse («a-bøying»)
kasta – kastar – kasta – kasta

Merknad: Preteritumsendinga -a er ei redusert form av norrønt -aði. Aasen brukte endinga -ade (kastade), men den vart til -a i den sokalla Hægstad-normalen frå 1901.

b)
Andre klasse («e-bøying»)
døma – dømer – dømde – dømt
kjøpa – kjøper – kjøpte – kjøpt

Når det gjeld fordelinga -de/-te i fortid, set Leiv Heggstad opp denne regelen (Norsk grammatikk. Større utgåve, s. 154)

Ending -de i fortid brukar ein etter dei klangføre konsonantane b d g m v, -te etter dei klanglause k p s t. Etter l n r er det ustøtt, men oftast -de etter r, -te etter l og n.

Ein del verb kan ha vanleg a-bøying eller sokalla blanda bøying (presens etter 1. klasse og preteritum etter 2. klasse):

bruka – brukar – bruka – bruka eller bruka – brukar – brukte – brukt

Om lag nitti verb vert bøygde slik, t.d. ana, betala, bruka, koka, ropa, sameina, smaka.

Ein kan skriva ana, anar, ante, ant og likevel bruka smaka, smakar, smaka, smaka. Men dersom ein fyrst vel ana, anar, ante, ant, so må ein vera konsekvent og ikkje vakla mellom fortidsformene ante og ana osb.

c)
Tridje klassen
nå – når – nådde – nått

d)
Fjerde klassen (telja-klassen)
telja – tel – talde – talt

§ 48 Verb med blanding av sterk og linn bøying:

eiga – eig – åtte – ått
kunna – kan – kunne – kunna
muna – mun – munde – (perfektum manglar)

måtta – må – måtte – mått/måtta
skulla – skal – skulle – skulla
turva – tarv – turvte – turvt
vita – veit – visste – visst

ADVERB

§ 49 Adverbforma av adjektiv på -ig og -ug

Adverbforma av adjektiv på -ig er lik inkjekjønnsforma og kan vera utan ending eller fylgja hovudregelen og enda på -t: Dette var fornuftig/fornuftigt gjort.
Adverbforma av adjektiv på -ug skal fylgja hovudregelen og enda på -t: Snakk ikkje so uvitugt!

KONJUNKSJONAR

§ 50 Om konjunksjonane med det same, medan og med di

Konjunksjonen idet vert tradisjonelt ikkje brukt i nynorsk. I staden brukar me 1) med (det) same: Med (det) same han kom inn døra, vart han blenda av det skarpe ljoset. 2) medan: Medan ho reiste seg frå stolen, vart ho merksam på at det kom nokon inn døra. 3) sidan, av di, med di: Han ville ikkje uttala seg, av di han meinte han visste for lite om saka.

Med di (at) er ein nyttig konjunksjon som vert brukt altfor lite i dag. Han har fleire tydingar: 1) (om årsak) sidan, etter di; 2) (om måte) på den måten, med det (at): riket breidde seg, med di det la under seg det eine etter det andre av dei bysantinske landi.

Merknad: Med di kan òg vera adverb og har då tydinga ‘dermed’: Han drog i naudbremsen, og med di fekk han stogga toget.

PREPOSISJONAR

§ 51 Om preposisjonane or, i, på, av og ved

Legg merkje til høvet mellom or og i, og og av: Det som er i eitkvart, kjem or: Det renn av tunna (vatnet ligg loket), men det renn or tunna (vatnet er i tunna). Soleis òg: stiga or sâlen (ein sit i sâlen), stiga av hesten (ein sit hesten).

Når det gjeld preposisjonen ved, er det ein del skilnader på nynorsk og bokmål: Med lov skal landet byggjast (bokmål Ved lov …) Det er fastsett i lov (bokmål Det er fastsatt ved lov.). Med hjelp av (bokmål ved hjelp av). Tvisten skal avgjøres ved voldgift > Tvisten skal avgjerast med skilsdom.

Når det gjeld ved, sjå òg § 75 og 77. Når det gjeld bruken av preposisjonen under, er det òg nokre skilnader mellom nynorsk og bokmål, sjå § 76.

INTERJEKSJONAR

§ 52

Interjeksjonar er ord som ein brukar i utrop: Hurra! Å nei! Hysj!

Svarorda ja, jau og nei vert òg gjerne rekna som interjeksjonar. Jau brukar ein som svar på spørsmål som inneheld nekting eller tvil: Kjem du ikkje? Jau, eg kjem. Men: Kjem du? Ja, eg kjem. Jau er ikkje sjeldan meint ironisk: Jau visst! Jau, no er du fin!

LITT OM SETNINGSLÆRE (SYNTAKS)

Syntaksen er den delen av grammatikken som gjer greie for korleis orda kan setjast saman til setningar og delar av setningar. Under ordklassane i avsnittet framanfor er det alt skrive ein del om syntaktisk bruk av orda. I denne delen er det setningsbygnad som er hovudemnet, og me kjem til å leggja vekt på skilnader mellom nynorsk og bokmål. Norsk Grammatik (NG) av Ivar Aasen er den viktigaste kjelda til kunnskap om det nynorske språket, og i framstillinga nedanfor kjem me ofte til å visa til den aktuelle paragrafen i den boka.

§ 53 Stil og syntaks

Danskeveldet førde til at dansk vart einerådande skriftmål i Noreg frå ikring 1450 og fire hundre år framover. Grunnlaget for denne dansken var sjællandsk lovspråk som etter kvart vart sterkt påverka av tyske lånord. Dette førde til ein stil som er vorten kalla kansellistil (kanselli tyder ‘regjeringskontor’). Det er ein stil med mykje tung substantivbruk, mykje genitivbruk og lange og innfløkte setningar. I våre dagar vert slikt kalla byråkratspråk.

Ein viktig del av norsk målreising er frigjering frå dette stilgrunnlaget. Ivar Aasen skreiv i 1860 (I. Aasen: Brev og dagbøker, band II, s. 298): «Den nationale Udtryksmåde maa altid iagttages. Man maa være i Stand til at frigjøre sig fra den moderne danske Stiil. […] I Stiilen eller Konstruktionen maa man vende tilbage til Simpelheden. Den stive tydske Periodebygning fortjener ingen Efterligning.»

§ 54 Genitiv og genitivomskrivingar (§ 54–60)

Genitiv i eigentleg form, altso som bøyingsendingar eller bøyingsformer, vert i nynorsk med få undantak berre brukt i ubunden form, og då primært i hankjønn og inkjekjønn, jf. NG § 180.

  EintalFleirtal
Hankjønn Lang dags ferd mot natt Fleire timars marsj
Hokjønn (Ei mils veg, ei vekes tid)(Kvinners kamp)
Inkjekjønn Eitt års arbeid Mange års arbeid

Sjå NG § 316–318.

§ 55 Genitivformer

Genitivformer lever vidare i samansetningar: dagsljos, årstal, men mange stader er gamle genitiv-a-ar nedslitne til -e-: hagemur (hagamur), dagetal (dagatal). Kjensla for genitiv i samansetningar som hagamur og dagatal er truleg sterkt svekt eller borte hjå dei fleste i dag.

Genitiv fleirtal har me i det stivna uttrykket manna mål: Eg høyrde ikkje manna mål.

§ 56 Preposisjon til

Preposisjon til styrde genitiv i gamalnorsk, og ein god del uttrykk med til + genitiv lever no òg, til dømes til fjells, til lands, til botnar, til skammar, til monar, til handa.

§ 57 Genitiv i bunden form

Genitiv i bunden form finst i nokre få stivna uttrykk på -sens, til dømes livsens strev, landsens skikk, husens folk, men fargen på huset, ikkje (husens farge).

§ 58 I høgstil

I høgstil vert genitiv i bunden form eintal stundom brukt i hankjønn: kongens menn, Herrens bøn.

Genitiv i bunden form eintal og fleirtal av hokjønnsord og inkjekjønnsord høyrer ikkje heime i nynorsk: (årets namn) → gjævaste namnet i år, (årets toppscorar) → toppscoraren i år osb. (vekas vinnar) → vinnaren denne veka, (tidas tendens) → tendensen i tida, (tidenes beste spelar) → beste spelaren opp gjennom tidene, (gutanes veremåte) → veremåten til gutane, (kvinnenes innsats) → innsatsen til kvinnene.

§ 59 Genitivomskrivingar

I målføra og i nynorsken vert tilhøyrsle uttrykt på mange andre måtar enn med genitiv.

  1. Med preposisjonen til (eller åt): prestens bok → boka til (åt) presten
  2. Med garpegenitiv (sin-genitiv): elevens bok → eleven si bok

    Merknad: Sin-genitiv uttrykkjer helst reine eigetilhøve og vert fyrst og fremst brukt når det gjeld personar: Dette er Solveig sin sekk, jf. punkt 3 nedanfor.

  3. Med andre preposisjonar:
    (bygdas ordfører) → ordføraren i bygda (dårleg: bygda sin ordførar)
    (lagets kaptein) → kapteinen på laget (dårleg: laget sin kaptein)
  4. Med hans/hennar: handi hans far min, målet hennar mor
  5. Med samanskriving: (fjellets topp) → fjelltoppen, (statens regulativ) → statsregulativet
  6. Med ei setning:
    (Under Stortingets behandling av statsbudsjettet, …) → Då Stortinget hadde føre statsbudsjettet, …

§ 60 Verbal uttrykksmåte i staden for genitiv

Korleis kan ein setja om Departementets medvirkning i sakens utredning er av stor viktighet til nynorsk? Slik kan det gjerast: Det er svært viktig at departementet er med og greier ut saka. Kvifor er det omsett slik? Genitiv eintal bunden form finst korkje i inkjekjønn eller hokjønn: (departementets) og (sakas) er ikkje nynorsk. Nynorsk har heller ikkje ordet (viktigheit). Er av stor viktighet kan setjast om til er svært viktig (substantivet på -het vert erstatta av adjektiv). Verbalsubstantivet medvirkning vert til verb + adverb (er med), og substantivet utredning vert til verb i aktiv: greier ut.

§ 61 Tilvisande pronomen

Som tilvisande pronomen brukar me i nynorsk personlege pronomen. Han vert ikkje berre brukt om gutar og menn, men òg om dyr, ting og abstrakt som er hankjønn grammatisk: Her er bilen vår. Han er heilt ny. Ho hadde hunden sin med seg. Ho hadde han (honom) i band. Tilsvarande viser ho ikkje berre til jenter og kvinner, men òg til dyr, ting og abstrakt som er hokjønn grammatisk: Eg møtte Kari på vegen. Ho er ei kjekk jente. Det har vore ein raudstrupe på matbrettet vårt i heile vinter, men i går tok hauken honom. Dette er ei vanskeleg oppgåve. Du får gjera henne so godt du kan. Dette er i samsvar med systemet i dei norske dialektane. Her er det altso ein grammatisk skilnad på nynorsk og bokmål. Bokmål brukar den: Sola – den skinner, månen – den lyser; nynorsk: sola – ho lyser, månen – han skin, jf. elles § 33 og 34 ovanfor.

Sjå NG § 303.

§ 62 Ein, dei, du og han som ubundne pronomen

Ein skal ikkje tru alt ein høyrer (når ein brukar ein, reknar ein seg sjølv med). Dei seier at det er vakkert i Nord-Noreg. Dei har asfaltert i dag. Det går ikkje alltid som du vonar.
Når ein røyner det, so veit han det
(sjeldan bruk av han). Men etter ei relativsetning brukar ein alltid ‘han’: Han haustar lite, som lite sår. Den som lite sår, han lite haustar.

I den vestlege og nordlege delen av landet brukar dei til dels ‘han’ om vêret: Han er kald i dag. Vanlegare er det: Det er kaldt i dag.

Sjå NG § 306.

§ 63 Dobbel nemning

I daglegtale er det vanleg å bruka dobbel nemning på folk ein kjenner: Eg møtte han Knut og ho Marit på vegen i dag. Slik dobbel nemning kan ein bruka i munnleg stil, men i normalprosa er det ikkje vanleg: Eg møtte Knut og Marit på vegen i dag.

Sjå NG § 308.

§ 64 Overbinding

I nynorsk er det hovudregelen at substantivet har bunden form – det vil seia etterhengd bunden artikkel – oftast har det òg føresett bunden artikkel, og stundom fleire bindingar òg, sjå nedanfor. Det er difor rettare å tala om fleirfalda kjennskapsutmerkjing eller overbinding enn å kalla utmerkjinga dobbel:

  1. den gamle bilen
  2. den bilen, denne bilen
  3. den fine bilen min
  4. (her) ein dagen, opne havet

Me ser her at substantivet i dei fleste høva er bunde meir enn to gonger.
Den etterhengde artikkelen vert i somme høve utelaten, fyrst og fremst i høgtidsam språkbruk (på denne jord, denne rett og plikt), men òg i vanleg prosa når det står pronomen eller artikkel framfor substantivet og naudsynt relativsetning etter: Dei arbeidarar som her har slite.

Legg dessutan merkje til denne skilnaden:
Dei fleste nordmenn likar å gå på ski. – Dei fleste nordmennene tok seg ein tur etter frukost.
Alle dyr treng mat. – Alle dyra fekk mat.

Når ein brukar bunden form, får ein fram at det dreiar seg om ei gruppe som er kjend i samanhengen.

§ 65 Bunden form etter visse adjektiv

Same veka, førre dagen, fyrste gongen (men: for fyrste gong), øvste vegen, nedste huset. (Bokmål har ofte ubunden form her: samme uke, første gang). Slik òg etter superlativ: beste tida, lengste vegen, høgaste toppane.

Førre (i klassisk nynorsk skrive med y) vert brukt både med og utan føresett artikkel: «vart grunnlagd i det fyrre hundradåret»; «Men frå 2. helvti av fyrre hundradåret». Førre kan òg stå substantivisk: «Sume merkje som me reknar til éin tidbolk, kann ha teke til å visa seg alt i den fyrre.» (Desse sitata er frå Gustav Indrebø: Norsk målsoga, Bergen 2001, s. 137, s. 377 og s. 38.)

Sjå NG § 311.

§ 66 Eigedomspronomena vert som regel sette etter ordet dei står til

Staven min; båten din; hestane våre; staven hans; skoen hennar; hesten dykkar; båtane deira; den beste venen min.

Legg merkje til at substantivet står i bunden form. Når ein vil understreka pronomenet, so set ein det framfor substantivet det står til og uttalar det med trykk: Det var min stav (altso: ikkje nokon annan sin). Dette er vår hest, og dette er hans. Det var di skuld. Det kan ein gjera endå tydelegare med å setja til ‘eigen’: Det er di eiga skuld.

Men pronomenet kan ha trykk òg når det står etter substantivet: Dette er sykkelen min, og den får du ikkje ta.

Orda far, mor, bror, syster, son, dotter (og fleire liknande) vert som regel sette i ubunden form framfor eigedomspronomenet: far min, syster mi, dotter di. Men i fleirtal brukar me bunden form: fedrane våre.

Her òg gjeld den regelen at ein set pronomenet framfor substantivet dersom ein vil understreka pronomenet, og det vert då lese med trykk: Det er di dotter. Det er våre fedrar som har bygt desse husa. Då brukar me ubunden form både i eintal og fleirtal.

I somme faste vendingar brukar me føresett trykklett eigedomspronomen: gå sin gang, gå sin veg, koma til sin rett, alt til si tid, sin eigen herre, til sine tider, kvar på sin stad.

Det føresette pronomenet kan òg tapa trykk når det kjem saman med andre trykksterke tillegg til substantivet, slike som adjektiv i superlativ, eller ord som all, heil og eigen: ho kom i sin gildaste stas; all min dag, han la all sin hug i arbeidet; heile mitt liv; sin eigen herre; di eiga skuld.

Legg òg merkje til kjenslefarga uttrykk som t.d.: Det var guten sin! Du, din stakkar! Din tosk!

I høgtidsamt eller litterært mål kan ein òg bruka føresett trykklett eigedomspronomen: ho kunne sin filosofi.

Men det er viktig å vera merksam på det som Kjell Venås skriv (i Norsk grammatikk, s. 74-75):

«I den skriftlege nynorsktradisjonen er ikkje sjeldan pronomenet sett føre substantivet i strid med den bruken som rår i talemålet, og det gjeld særleg i skriftbunden og talemålsfjern bruk.»

Merknad 1: Samstundes må ein vera merksam på at etter tradisjonen frå Aasen står ein friare i dikt: «I Vers behøves ikke nogen streng Iagttagelse av disse Regler.»

Merknad 2: Dersom tilhøyrsla er tydeleg ut frå samanhengen, er det ikkje uvanleg å sløyfa eit trykklett eigedomspronomen: Dei selde garden (sin) og flytte til Sunnmøre.

Sjå NG § 312.

§ 67 Perfektum og pluskvamperfektum

Perfektum lagar me med presens av hjelpeverbet i presens (har, er) og perfektum partisipp av hovudverbet: Han har kome. Han er komen.
Pluskvamperfektum lagar me med hjelpeverbet i preteritum (hadde, var) og perfektum partisipp av hovudverbet: Han hadde kome. Han var komen.

Det vanlege hjelpeverbet er ha, men i samband med verb som tyder flytting, gang eller rørsle, kan ein òg bruka vera. Slike verb er fara, koma, gå, flyga, flytta. Dei er farne til utlandet. Han er komen heim.
Her er stundom merkande ein skilnad i tyding mellom dei to konstruksjonane, slik at konstruksjonen med ha legg meir vekt på handlinga, medan konstruksjonen med vera legg meir vekt på tilstanden.

Sjå NG § 321.

§ 68 Verb med refleksivt objekt (seg, -st)

Sjølvstendige refleksive verb er st-verb som kan stå åleine i ei setning: Han skjemdest. Dei hjelptest med leksene. Dei har ikkje møtst her før. Ho ferdast mykje i fjellet. Det seiest at han er flink å køyra gravemaskiner.

St-formene har ulikt innhald:

REFLEKSIV TYDING
skjemmast – skjemmest – skjemdest – skjemst

RESIPROK TYDING
hjelpast – hjelpest – hjelptest – hjelpst
møtast – møtest – møttest – møtst

AKTIV TYDING
ferdast – ferdast – ferdast – ferdast
minnast – minnest – mintest – minst

PASSIV TYDING, sjå § 69 nedanfor
seiast – seiest – sagdest – sagst
spørjast – spørst – spurdest – spurst

NG § 239.

§ 69 Endinga -st med passiv tyding

På bokmål kan ein skriva: Saken undersøkes nå av politiet. Varene selges på torget. Stundom kan me sjå at folk prøver å bruka same konstruksjonen på nynorsk:
*Saka undersøkjest no av politiet. *Varene seljast på torget. Dette er ravgale. Det er like gale som å skriva «eg undersøkja» og «han selja».

På nynorsk må dette seiast slik: Saka vert no undersøkt av politiet eller Politiet undersøkjer no saka. Varene vert selde på torget eller Han/ho/dei (osb.) sel varene på torget.

Etter dei modale hjelpeverba byrja (berre formene bør/burde), kunna, måtta og skulla kan me òg på nynorsk bruka -st med passiv tyding: Saka skal undersøkjast av politiet. Varene skal seljast på torget. (Bokmål: Saken skal undersøkes av politiet. Varene skal selges på torget.) Etter desse modale hjelpeverba er st-ending med passiv tyding òg det vanlege og normale i nynorsk.

Stundom kan me sjå at folk som ikkje kan nynorsk godt nok, overdriv og skriv (hypernorvagisme): *Saka skal verta undersøkt av politiet. *Varene skal verta selde på torget. Det er unaturleg å ordleggja seg slik på nynorsk (uidiomatisk) – her bør ein bruka st-formene: Saka skal undersøkjast av politiet. Varene skal seljast på torget.

Etter det modale hjelpeverbet vilja er det annleis:

Ho vil innleggjast med ein gong (= ho ynskjer å verta innlagd med ein gong; det handlar altso om personleg vilje). Dersom ein vil ha fram at det berre handlar om framtid, so må ein seia: 1) Ho vil verta innlagd med ein gong; 2) Ho kjem til å verta innlagd med ein gong.

På bokmål kan Hun vil legges inn med en gang tyda både 1) at ho ynskjer å verta innlagd og 2) å berre slå fast ha ho kjem til å verta innlagd.

Setninga Programmet vil sendes hver onsdag kan på nynorsk ikkje setjast om med *Programmet vil sendast kvar onsdag. Setninga lyt setjast om på annan måte: Programmet kjem til å / vil verta sendt kvar onsdag eller Me kjem til å senda programmet kvar onsdag.

Formene vil og ville kan altso brukast for å uttrykkja rein framtid på nynorsk, men ikkje i kombinasjon med refleksive former. I kombinasjon med slike former har vil/ville tydinga ynskjer/ynskte: Han vil flygast til Noreg (= Han ynskjer å verta flogen til Noreg).

Sjå NG § 239 og § 319.

§ 70 Bruk av presens partisipp

Han vart verande i bygda i fleire år. Han kom gåande. Her er ikkje verande for folk.

NG § 323.

§ 71 Infinitivsmerkje

Infinitivsmerkjet står vanlegvis nærast framfor infinitiven: Å leva, det er å elska, men ei nekting til infinitiven kjem oftast imellom: Det er skam å ikkje hjelpa.

Infinitiven står utan infinitivsmerkje etter vilja, skulla, måtta, kunna, ljota, turva, tora, og kan sløyfast etter vinna, greia, orka, tola, byrja, seiast, låst, synast:

Vil du gjera det; han skal gå no; ho måtte springa; dei kunne reisa; det er fælt å ljota slutta; me tarv ikkje gjera det; han torde ikkje seia det; ho vann ikkje seia eit ord; han greidde ikkje køyra lenger; de orkar vel ikkje høyra meir no; han byrja (å) skriva i 1970; ho seiest vera redd = ho seier at ho er redd; dei læst vera glade; det synest vera rett.

Sjå NG § 324.

§ 72 Objektsinfinitiv

Han såg dei koma (vanlegare: han såg (at) dei kom); ho høyrde fuglane syngja (vanlegare: ho høyrde (at) fuglane song); lat mannen fara; han bad meg koma.

Sjå NG § 337.

§ 73 Litt om bruken av perfektum partisipp

Stundom vert perfektum partisipp brukt som objektspredikativ: Eg fann huset nedrive; eg har høyrt honom nemnd (vanlegare: eg har høyrt (at) dei har nemnt honom); ho såg seg forfylgd (= ho meinte at ho vart forfylgd); dei høyrde seg kritiserte (mykje vanlegare: dei høyrde (at) dei vart kritiserte). Perfektum partisipp kan òg stå som fritt predikativ: Mannen låg ihelfrosen attmed ein stein.

Men på nynorsk kan ein ikkje bruka passiv + partisipp: *Saka vart vedteken utsett. Dette kan seiast slik på nynorsk: Det vart vedteke å utsetja saka. Dersom ein vil ha med subjekt: Dei vedtok å utsetja saka.
Saken bes oversendt snarest mulig
kan omsetjast slik: Eg/Me/Etaten bed om at saka vert oversend/send over til meg/oss/etaten so snart som råd eller Eg/Me/Etaten bed om å få tilsendt/oversendt saka so snart som råd.

§ 74 Om bruk av vil til å uttrykkja framtid

Vil kan brukast til å uttrykkja framtid, men i mange høve er det berre fyllkalk:

Ein stans i oljetilførsla vil kunna føra til katastrofe > Ein stans i oljetilførsla kan føra til katastrofe.
Me vil oppnå store føremoner om denne avtalen vert godkjend > Me oppnår store føremoner om denne avtalen vert godkjend.
Det vil verta ei sams avrøysting for alle forbunda når avtalen er klar > Det vert ei sams avrøysting for alle forbunda når avtalen er klar.

Ofte er det betre å bruka skal eller eventuelt kjem til å i staden for vil:

Søknaden vil få ei grundig behandling > Søknaden skal/kjem til å få ei grundig behandling. Men brukar ein skal i dette tilfelle, so får ein vel et inntrykk av at den som skriv, aktivt vil syta for ei grundig behandling, medan vil/kjem til å berre slår fast at den som talar, meiner at det er slik det er.

§ 75 Om bruk av preposisjon ved

På nynorsk brukar me helst ikkje ved + verbalsubstantiv + av:
Ved mottagelse av denne melding > Då han, ho, dei osb. fekk denne meldinga
Ved ilandføring av olje > Når det skal førast i land olje/Skal det førast i land olje
Ved innkjøp av nye datamaskiner > Når ein kjøper inn/Når ein skal kjøpa inn

Når det ikkje kjem noko av etter verbalsubstantivet, kan ein bruka ved + verbalsubstantiv:

Det er ikkje lovleg å bruka vekta ved kjøp og sal.
Ved friviljug auksjon skal det vera eit vitne til stades.

Men ein skal vera varsam – det er naturlegare å skriva Ho ynskte å vera til stades når han vakna opp enn Ho ynskte å vera til stades ved oppvakninga.

Sjå NG § 343 Anm.

§ 76 Om bruk av preposisjonen under

a) På nynorsk unngår me helst å bruka under om tid (i tydinga (fram) gjennom, medan noko går føre seg ):
Under festivalen ble det komponert ny musikk → På festivalen vart det komponert …
Under mitt siste opphold i Stockholm → Då eg sist var i Stockholm/Då eg var i Stockholm no sist
Under samtalen kom det frem → I samtalen kom det fram
Under det forberedende arbeid → Då/Medan han, ho osb. heldt på med/gjorde førebuingsarbeidet / Då førebuingsarbeidet skulle gjerast osb.
Under krigen var det mange som sultet → I krigsåra var det mange som svalt Han døde under krigen → Han døydde i (eitt av) krigsåra

Merknad: Uttrykket «under krigen» er vorte brukt so mykje at det vil vel vera i strengaste laget å seia at det ikkje kan brukast på nynorsk. Dét bør likevel ikkje brukast som argument for å ta i bruk under i denne tydinga generelt. Òg på bokmål kling vel «under sommeren» framandt. Me må berre godta at nynorsk ikkje har ein preposisjon som kan brukast generelt om tid i denne tydinga slik som dei kan på tysk (während des Sommers) og engelsk (during the summer).

b) På nynorsk kan me bruka under i uttrykk for ‘at noko er i ferd med å verta gjort’, men dette kan òg uttrykkjast på andre måtar:
Boka er under prenting → Dei held på og prentar boka (no). Dei er i gang med å prenta boka.

c) Om underordning i trong og vid tyding brukar ein under i nynorsk òg:
Eg har tent under tre kongar. Han er under tilsyn av lækjar. Dei er under oppsyn.

§ 77 Om bruk av preposisjon framfor infinitiv/infinitivkonstruksjon og at-setning

a) Framfor infinitiv
På nynorsk brukar me helst ikkje preposisjonen ved framfor infinitiv slik dei stundom gjer på bokmål: Ved å reise nå, får du billige billetter bør på nynorsk heita Dersom/Om du reiser … / Reiser du no, får du billige billettar.
Han nådde frem i tide ved å ta en svarvei
kan på nynorsk seiast slik: Han nådde fram i tide med å ta ein snarveg / Han tok ein snarveg og kom fram i tide.
Preposisjonen etter kan stundom brukast framfor infinitiv: Etter å ha lese boka skifte dei meining, men ein brukar helst andre seiemåtar på nynorsk: Då dei hadde lese boka, skifte dei meining.
Preposisjonen for kan godt brukast framfor infinitiv: Han kom for å be om råd, men det finst òg alternative seiemåtar: Han kom og ville be om råd.

b) Framfor at-setning
På nynorsk brukar me helst ikkje preposisjonen ved framfor at-setningar: Ved at han gjorde dette, slo alt feil → Sidan/Då/Av di han gjorde dette, …
Riket bredte seg ved at det la under seg det ene etter det andre av de bysantinske landene → Riket breidde seg med di (at) / på den måten at det la under seg det eine etter det andre av dei bysantinske landi.

Sjå NG § 337 Anm. og Heggstad § 653.

§ 78 Samansette eller usamansette verb

Det er i bokmål ein større tendens enn i nynorsk til å bruka fast samansetning:
bokmål motta – mottar – mottok – mottatt – nyn. ta imot – tek imot – tok imot – teke imot

Men partisippet etter vera og verta vert som regel samanskrive: Ho har teke vel imot han. Han er vel motteken.

a) Somme verb er alltid fast samansette på nynorsk òg:
avtala, oppdaga, overleva, overtyda, undersøkja, undervisa, åtvara

b) Somme verb er vanlegvis fast samansette, men kan òg vera usamansette:
vedgå (gå ved), vedta (ta ved)

c) Ved somme verb er det valfritt:
motsetja seg – setja seg imot, omskapa – skapa om, overføra – føra over, overta – ta over

d) Ved somme verb er det eit tydingsskilje mellom laus og fast samansetning:
avbryta/bryta av ein debattant – bryta av ei grein
avsetja ein minister – setja av pengar til huskjøp
oppføra seg fint – føra opp ein sum
utsetja ei avgjerd – setja ut mat til nissen

e) Innhaldet i somme samansette bokmålsverb vert sagt på ein annan måte på nynorsk:
avholde et møte – halda eit møte
avvente begivenhetenes gang – venta og sjå kva som skjer
opprettholde – halda oppe, halda fast ved

Det som er nemnt i punkta a–e, er berre nokre døme.

Sjå NG § 259–260.

§ 79 Noko om suffikset -heit i nynorsk

I retningslinene for opptak av tyske og danske importord i nynorske ordbøker og ordlister som Språkrådet vedtok i år 2000, heiter det:

For etterstavinga -heit gjeld desse restriksjonane:

  1. Ein tek ikkje opp -heit-avleiingar av perfektum partisipp, presens partisipp og av ord av adjektiv på -et(e)/-ut.
  2. Ord på -laus skal ha -løyse som einaste avleiing.
  3. Ord på -sam skal ha -semd som einaste avleiing.
  4. Ord som i nynorsk har etterstavingane -dom, -leik og -skap i allmenn bruk, skal ikkje takast opp med -heit.
  5. Ein godtek ikkje -heit-ord der kortavleiingar er i bruk i dialektane.

Gustav Indrebø skreiv i 1930 at endinga -heit «et svart ikring seg og tyner den evna som norsk mål eig i seg sjølv til ordlaging og nyvokster [...]». (Gustav Indrebø: Kva er målreising? Norsk Bokreidingslag, s. 117.)

Det er ikkje alltid so lett å «frigjøre sig fra den moderne danske Stiil». Serleg ein del heit-ord har valda vanskar. Me skal her sjå litt på ein mislukka freistnad på å unngå heit-ord:
I nyare tid har ord som (offentleglova) for offentlighetsloven, (vesentlegkrav) for vesentlighetskrav, (forholdsmessigprinsippet) for forholdsmessighetsprinsippet, (forsvarlegvurdering) for forsvarlighetsvurdering osb. vorte lanserte og jamvel tekne inn i ordbøker.

Alle som snakkar norsk, merkar at det er noko unaturleg og oppkonstruert med dei orda som her er sette i parentes. Det normale er at i ord som er samansette av adjektiv + substantiv, der karakteriserer adjektivet substantivet: ungkar, tomflaske osb.

Men (offentleglova) er ikkje ei offentleg lov, men ei lov om offentleg innsyn, altso ei innsynslov, lov om offentleg innsyn. Eit (vesentlegkrav) er ikkje eit vesentleg krav, men eit krav om at noko skal vera vesentleg, folkeleg uttrykt med t.d. «Er denne saka vesentleg nok (til å få omtale)? Er vesentlegheitskravet stetta? er nok ein mindre folkeleg stil, men det er i alle fall ein konstruksjon som ikkje skurrar so gale for norske øyro. Å setja om forholdsmessighetsprinsipp med (forholdsmessigprinsipp) går ikkje: Det er ikkje snakk om eit rimeleg prinsipp, men eit prinsipp om at noko skal vera rimeleg i høve til noko, t.d. eit prinsipp om at det skal vera eit rimeleg høve mellom misgjerning og straff. Dersom ein ikkje ynskjer å formulera tanken på ein slik meir folkeleg måte, so er det betre å bruka ordet rimelegheitsvurdering, det heng i alle fall på greip som språkleg konstruksjon. Det kan ikkje heita (forsvarlegvurdering), for når ein gjer ei forsvarlegheitsvurdering, so vurderer ein om noko er forsvarleg, men det er ikkje sikkert at ein gjer ei forsvarleg vurdering.

Ord av den typen som her er sette i parentes, er støytande for norsk språkkjensle, og dei bør ikkje brukast i nynorsk.

I-MÅLET

§ 80 Innleiande merknader om i-målet

I dette kapitlet skriv me i-mål for å illustrera sjølve emnet.

Det som fyrst og fremst skil i-mål frå a-mål, er at:

  1. i-mål har i-ending i bundi form eintal av sterke hokjønnsord, t.d. bygdi
  2. i-mål har i-ending i hokjønnsform av perfektum partisipp av sterke verb etter bli/verta og vera: Ho er komi.
  3. i-mål har i-ending i hokjønn eintal av adjektiv på -en: Døri er opi.

Dette inneber at i-målet ikkje berre har tri kjønn i substantivi, men òg i sterke partisipp og adjektiv på -en, og i alle desse tilfelli markerer i-en hokjønn.

Dessutan har i-målet i-ending i bundi form fleirtal av inkjekjønnsord, t.d. husi (bortsétt frå ei liti gruppe inkjekjønnsord som fær o i fleirtal, sjå nedanfor).

Me vil no gjeva ei samla detaljert framstilling av dette.

§ 80.1 Bøying av sterke hokjønnsord

Sterke hokjønnsord kallar me dei hokjønnsordi som endar på konsonant, t.d. bygd, sol, korg. I i-målet skal dei ha -i i bundi form eintal, bygdi, soli, korgi. Full bøying vert slik:

bygd – bygdi – bygder – bygdene
korg – korgi – korger – korgene

Dessutan finst det nokre få sterke hokjønnsord som endar på ein vokal i ubundi form eintal, t.d. heilo, kongro og låneord som primadonna. Dei skal òg ha -i i bundi form: heiloi, kongroi (uttala /heilo-i/, /kongro-i/), primadonnai (uttala /primadonna-i/).

heilo – heiloi – heiloer – heiloene
primadonna – primadonnai – primadonnaer – primadonnaene

Merknad: Sume dialektar har lik ending i bundi form eintal i både sterke og linne hokjønnsord. I Røldal til dømes, seier dei bygda og visa, i Sunnhordland bygdo og viso. Men mange dialektar har ulike endingar, t.d. bygdi, men visa, eller bygdè, men viso, eller bygda, men viså. Aasen valde systemet med skilje mellom sterk og linn bøying: bygdi og visa.

§ 80.2 Bøying av sterke partisipp og adjektiv av typen open

Norske dialektar har tri kjønn i den ubundne artikkelen og i bundi form eintal av substantiv: ein bil, bilen, ei vise, visa, eit år, året. I samsvar med mange dialektar har i-målet òg eit trikjønnssystem i partisipp av sterke verb etter vera og bli/verta og dessutan i adjektiv av typen open.

a)
Perfektum partisipp av sterke verb etter bli/verta og vera skal bøyast slik:
Hankjønn -en: Romanen er skriven.
Hokjønn -i: Boki er skrivi.
Inkjekjønn -e: Brevet er skrive.
Fleirtal -ne: Dei er skrivne.

b)
Perfektum partisipp av sterke verb med stomnutgang på k eller g etter bli/verta og vera skal bøyast slik:
Hankjønn -en: Båten er teken. Skogen er hoggen.
Hokjønn -i: Boki er teki. Greini er hoggi.
Inkjekjønn -e: Brevet er teke. Treet er hogge.
Fleirtal -ne: Dei er tekne. Dei er hogne.

c)
Adjektiv-en, medrekna dei på -ken og -gen
Hankjønn -en: Han er open, naken, mogen
Hokjønn -i: Ho er opi, naki, mogi
Inkjekjønn -e: Det er ope, nake, moge.
Fleirtal -ne: Dei er opne.

Slik vert òg eigen bøygt: eigen, eigi, eige, eigne.

Liten vert bøygt slik: liten, liti, lite; men har ei uregelrett form i fleirtal: små(e).

Undantak: Adjektiva beskjeden, gebrokken, gedigen, overlegen og underlegen skal bøyast slik:
beskjeden (m.) – beskjeden (f.) – beskjedent (n.) – beskjedne (pl.)

Merknad: gyllen, kristen og ullen kan bøyast som open eller beskjeden; jf. § 27.

d)
Adjektiv på -kjen eller -gjen:
Hankjønn -en: Han er hækjen/klengjen.
Hokjønn -i: Ho er hækji/klengji
Inkjekjønn -e: Barnet er hækje/klengje.
Fleirta -ne: Dei er klengne.

Dette gjeld adjektivi brikjen, bægjen, herkjen, hækjen, krøkjen, nærsøkjen, smeikjen, snækjen, spekjen, spøkjen, søkjen, tråsøkjen, tykkjen, vægjen, åbrengjen.

Merknad: I klassisk nynorsk (høgnorsk) har både bøyingsmønstri vore brukte:
hækjen – hækji – hækje – hækne og hækjen – hæki (utan j) – hækje – hækne.

Me minner om uttalen (sett mellom skråstrekar) av formene som har stomnutgang på k eller g:

teken: /tekjen el teken/
teki: /tekji el teki/
teke: /tekje el teke/
tekne: /tekne/

hoggen: /hoggjen el hoggen/
hoggi: /hoggji el hoggi/
hogge: /hoggje el hoggje/
hogne: /hogne/

naken: /nakjen el naken/
naki: /nakji el naki/
nake: /nakje el nake/
nakne: /nakne/

Adjektivi som vert skrivne med kj eller gj, er lydrett skrivne; me hev difor ikkje teke med uttalerettleiing.

§ 80.3 Tri kjønn i eintal av pronomeni annan, ingen, einkvan og nokon

Annan:
Hankjønn: ein annan mann
Hokjønn: ei onnor tid
Inkjekjønn: eit anna hus
Fleirtal: andre bilar

Ingen:
Hankjønn: Ingen (mann) vil gjera noko slikt.
Hokjønn: Ingi rose angar slik som denne.
Inkjekjønn: Inkje hus var å sjå. (Vanlegare: Ikkje noko hus …)
Fleirtal: Ingen/ingi bilar vart stogga.

Einkvan:
Hankjønn: Einkvan (mann) må vel få det til.
Hokjønn: Eikor gjente finn han nok.
Inkjekjønn: Eitkvart framlegg må me no greia å skriva.
Fleirtal: manglar

Merknad: Einkvan tyder ‘ein eller annan’ og må ikkje blandast saman med bokmål enhver som tyder ‘kvar einskild’ eller ‘alle’.

Nokon:
Hankjønn: Har det hendt nokon gong at han skriv feil?
Hokjønn: Eg har ikkje funne nokor rose på øyi.
Inkjekjønn: Det var ikkje råd å finna noko husrom i byen.
Fleirtal: nokon/nokre (dei to formene har litt ulik bruk og tyding, sjå § 38.)

§ 80.4 Bøying av inkjekjønnsordi

I a-målet endar bunden form fleirtal på -a: husa, innlegga. I dialektane varierer det, t.d. -a, -o, -è, -i: husa, huso, husè, husi. Aasen valde husi, og i-formi er obligatorisk i i-målet. Det er den einaste i-endingi som ikkje er knytt til hokjønn.

hus – huset – hus – husi
eple – eplet – eple – epli
kamera – kameraet – kamera – kamerai
(uttala /kamera-i/)
medium – mediet – medium – medii (uttala /medi-i/)
fylgje – fylgjet – fylgje – fylgji
ynskje – ynskjet – ynskje – ynskji
fylkje – fylkjet – fylkje – fylkji
eller fylke – fylket – fylke – fylki (uttale med j i alle former)

Merknad 1: Av om lag 60 to- eller fleirstava inkjekjønnsord med endestaving på -kje eller -gje, har me fastsett valfri skrivemåte med eller utan j i desse ordi: dike, fiske, fylke, gjenge, omgjenge, tilgjenge, merke, rike, stykke, tøke, ordtøke, tiltøke og yrke. Denne valfridomen gjeld ord for ord: Sjølv om du skriv fiske, fylke og rike t.d., kan du likevel skriva t.d. vyrkje og yrkje. Men dersom du skriv inkjekjønnsordet gjenge utan j i endestavingi, bør du òg skriva omgjenge, tilgjenge utan j. Sjå òg § 21.

Merknad 2: Nokre få inkjekjønnsord, t.d. auga, hjarta, hyrna, nyra, nysta, okla og øyra vert bøygde slik: auga – auga – augo – augo (denne bøyingi gjeld både i a-mål og i-mål). Sjå elles § 22.

§ 80.5 Bøying av linne hokjønnsord i i-målet

a) visa – visa – visor – visone
b) vise – visa – visor – visone

I normi vår kan ein altso, når ein brukar i-mål, velja mellom a) og b). Ein må halda seg til same bøyingi i alle linne hokjønnsord i same teksten, ikkje vingla mellom a) og b).

Bøyingsmønsteret i b) kan òg brukast i a-målet, jf. § 19.

Sjå NG §§ 51, 168 og 169

§ 80.6 Bøying og skrivemåte av nokre verb

I normi vår er det mellom anna valfridom i bøyingi av verbi ha, gå, stå og . Me vil rå til at dei som skriv i-mål, held seg innanfor fylgjande variasjon:

ha(va) – har eller hev – hadde – havt
ganga/gå – gjeng – gjekk – gjenge
(pres. part.: gangande/gåande, imperativ: gakk/gå)
standa/stå – stend – stod – stade
(pres. part.: standande/ståande, imp.: statt/stå
få – fær – fekk – fenge

§ 80.7 Talord

Ein held seg til tri, trettan, fjortan, femtan, sekstan, syttan, attan, nittan og tridje.

Dette skal ikkje tolkast slik at desse formene berre høyrer til i-målet. Dei bør absolutt brukast i a-mål òg.

§ 80.8 Sluttmerknad om i-målet

Bortsétt frå det som er nemnt i § 80.1–7, er a-målet og i-målet likt etter normi i denne ordlista.

Ein stor del av den klassiske litteraturen på nynorsk er skriven på i-mål. Ein god del songar og salmar som er nasjonal felleseige, er på i-mål. I-mål er dessutan i full bruk i stadnamn i område som har i, é, è (soli, solé, solè) i bundi form eintal av sterke hokjønnsord, t.d. Lønahorgi, Skarsnosi og Vassdalseggi.

Skilnaden på i-mål etter den tradisjonelle og einskaplege normi i denne ordlista og klassisk nynorsk (høgnorsk) er fyrst og fremst at føre, over, mellom, gjennom, om og opp i klassisk nynorsk heiter fyre, yver, millom, gjenom, um og upp.

LITTERATUR

I arbeidet med denne minigrammatikken har me nytta mellom anna:

Almenningen, Olaf: Innføring i nynorsk for høgare utdanning, Det Norske Samlaget, Oslo 2006
Beito, Olav T.: Genusskifte i nynorsk, Det Norske Videnskaps-Akademi. Oslo 1954
Beito, Olav T.: Nynorsk grammatikk, Samlaget, 2. utgåva, Det Norske Samlaget, Oslo 1986
Beito, Olav T.: Valdres-målet, Serprent av Valdres Bygdebok II. Gjøvik 1958
Bokmålsordboka, 3. utgave, 2. reviderte opplag, Kunnskapsforlaget, Oslo 2005
Bondevik, Jarle, Oddvar Nes og Terje Aarset (red): Dansk–norsk Ordbog av Ivar Aasen. Norsk Bokreidingslag, Bergen 2000 Breivega, Ola: Råd for uråd, Det Norske Samlaget, Oslo 1993
Eskeland, Severin: Reglar og rettleidingar i norsk målbruk, 6. opplaget, Fonna forlag, Oslo 1954
Gjelsvik, Nikolaus: Juridisk ordliste, Oslo 1929
Gjelsvik, Nikolaus: Von og veg, 2. utgåva, Norsk Bokreidingslag, Bergen 1950
Guttu, Tor (red.): Riksmålsordlisten. 8. utgave. Kunnskapsforlaget/Riksmålsforbundet. Oslo 2015
Heggstad, Leiv: Fornorskingsordbok, Bokmål–nynorsk, 3. utgåva, Olaf Norlis Forlag, Oslo 1950
Heggstad, Leiv: Norsk grammatik, Olaf Norlis forlag, Kristiani 1914
Heggstad, Leiv: Norsk grammatikk. Større utgåve, Olaf Norlis forlag, Oslo 1931
Krokvik, Jostein: Mål og vanmæle, Norsk Bokreidingslag, Bergen 1991
Lehmann, Eigil og Þorsteinn Þ. Víglundsson,: Islandsk–norsk ordbok, Sunnmøre Vestmannalag, Bjørgvin 1967
Lehmann, Eigil: Færøysk–norsk ordbok, Sunnmøre Vestmannalag, Bjørgvin 1987
Lehmann, Eigil: Reise det som velt er, Norsk Bokreidingslag, Bergen 1990
Nettbiblioteket hjå Nasjonalbiblioteket, www.nb.no
Norsk Ordbok I-XII, Det Norske Samlaget, Oslo 1966–2016
Nynorskordboka, 1. utgåva. 2. opplaget. Det Norske Samlaget. Oslo 1986
Nygaard, Ole (red.): Aftenpostens rettskrivingsordliste. Kunnskapsforlaget. Oslo 2006
Olden, Asgeir: Juridisk ordliste, bokmål–nynorsk, Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo. Oslo 1987
Rommetveit, Magne: Med andre ord, 3. utgåva. Det Norske Samlaget, Oslo 2007
Ross, Hans: Norske bygdemål I-XVII. Videnskabs-Selskabets Skrifter. Christiania 1905-1909
Ross, Hans: Norsk Ordbog. Tillæg til «Norsk Ordbog» af Ivar Aasen. 2. utgåva. Universitetsforlaget. Oslo 1971
Schjøtt, Steinar: Dansk–norsk ordbog, Aschehoug & Co (W. Nygaard). Kristiania 1909
Schjøtt, Steinar: Norsk Ordbok. Det Norske Samlaget. Kristiania 1914
Seippel, Alexander: Ymse rettleidingar um norsk målbruk, Voss 1932
Skarði, Jóhannes av: Donsk–føroysk orðabók, Tórshavn 1977
Skogen, Anders: Lærdalsmålet, Kolon Forlag 2020
Utgård, Karl Arne: Juridisk og administrativ ordliste. 2. utgåva. Det Norske Samlaget. Oslo 2016
Venås, Kjell: Hallingmålet, Det Norske Samlaget, Oslo 1977
Venås, Kjell: Linne verb i norske målføre. Universitetsforlaget. Oslo – Bergen – Tromsø 1967
Venås, Kjell: Norsk grammatikk, Universitetsforlaget, Oslo 1990
Venås, Kjell: Linne verb i norske målføre. Universitetsforlaget. Oslo 1974
Vidsteen, Christian: Ordbog over Bygdemaalene i Søndhordland, Stord 1983
Vidsteen, Christian: Oplysninger om Bygdemaalene i Hardanger, Bergen 1885
Vidsteen, Christian: Oplysninger om Vossemaalet, Bergen 1884
Widsteen [=Vidsteen], Chr.: Ordbog over Bygdemaalene i Søndhordland. Sunnhordland Folkemuseum og Sogelag. Stord 1983
Aasen, Ivar: Det norske Folkesprogs Grammatik, Ny utgåve ved Terje Aarset. Høgskulen i Volda 1996
Aasen, Ivar: Norsk Grammatik, 3. utgåva. Universitetsforlaget, Oslo 1965
Aasen, Ivar: Norsk Maalbunad, 2. utgåva, Norsk Bokreidingslag, Bergen 1975
Aasen, Ivar: Norsk Ordbog med dansk Forklaring.Ny utgåve ved Kristoffer Kruken og Terje Aarset. Det Norske Samlaget, Oslo 2003
Aasen, Ivar: Ordbog over det norske Folkesprog. Ny utgåve ved Kristoffer Kruken og Terje Aarset. Det Norske Samlaget, Oslo 2000
Aasen, Ivar: Prøver av landsmålet i Noreg, Vestanbok forlag, Voss 1994