- Substantiv
- Adjektiv
- Verb
- Samsvarsbøying av perfektum partisipp
- Samsvarsbøying – meir detaljert gjennomgang
- Kort om pronomen
- Skrivereglar
- Og eller å?
- Når skal vi setje komma?
- Store og små forbokstavar
- Særskriving eller samanskriving
- Når forenklar vi dobbeltkonsonanten?
- Deling av ord ved linjeskifte
- Bruk av bindestrek
- Bruk av tankestrek
- Bruk av apostrof
- Bruk av skråstrek
- Då eller når?
- Endå eller enno?
- Vanskar når du skriv nynorsk – ei rettleiing
- Genitiv på -s
- Om bruken av passivformer på -st
- Om nokre fleirtydige bokmålsord
- Ordval
- Ord på an-, be-, -heit, -else
- Bruk av kløyvd infinitiv
Substantiv
Hankjønn
1 Hankjønn er markert slik i lista: hest -en, -ar, -ane, hage -en, -ar, -ane
a Hankjønnsorda får i regelen -ar, -ane i fleirtal
Vi bøyer:
ein hest – hesten – hestar – hestane
ein hage – hagen – hagar – hagane
I lista står: lærar -en, -ar, -ane. Vi bøyer:
ein lærar – læraren – lærarar – lærarane
Bøy på same måten: arbeidar, fiskar, forfattar, kjellar, snikkar, tyskar.
I lista står: dam dammen, dammar, dammane. Vi bøyer:
ein dam – dammen – dammar – dammane
I lista står: rikdom -dom(m)en, -dom(m)ar, -dom(m)ane. Vi bøyer:
ein rikdom – rikdomen – rikdomar – rikdomane eller
rikdom – rikdommen – rikdommar – rikdommane
b Ein del hankjønnsord får samandraging i fleirtal (men ikkje i eintal).
I lista er det markert slik: finger -en, fingrar, fingrane. Vi bøyer:
ein finger – fingeren – fingrar – fingrane
Slå opp og bøy: hammar, meister, ransel, regel, sommar, støvel, sykkel, vinter.
2 Hankjønnsord med ei anna fleirtalsbøying:
a Nokre hankjønnsord får omlyd og -er, -ene i fleirtal.
I lista står: bonde -en, bønder, bøndene. Vi bøyer:
ein bonde – bonden – bønder – bøndene
Slå opp og bøy: bror, fot, mann, nagl, son.
b Ein god del hankjønnsord får valfri fleirtalsbøying, dvs. -er, -ene eller -ar, -ane
I lista står: gjest -en, -er, -ene; el. fl -ar, -ane. Vi bøyer:
ein gjest – gjesten – gjester – gjestene; el. gjestar – gjestane
Slå opp og bøy: bekk, gong, gris, medlem, sau, sed (skikk), stad, streng, ven(n), veng.
Det same gjeld ord på -nad og framandord på -a.
I lista står: månad -en, -er, -ene; el. fl -ar, -ane. Vi bøyer:
ein månad – månaden – månader – månadene el. månadar – månadane
I lista står: sofa -en, -er, -ene; el. fl -ar, -ane. Vi bøyer:
ein sofa – sofaen – sofaer – sofaene el. sofaar – sofaane
Bøy på same måten: bunad, føresetnad, skilnad, søknad, verknad, kollega, opera, skala, villa
c Legg spesielt merke til:
ein far – faren – fedrar – fedrane
ein bror – broren – brør – brørne
ein sko – skoen – sko el. skor – skoa el. skorne
ein ting – tingen – ting – tinga
Hokjønn
1 Hokjønn er markert slik: bygd -a, -er, -ene, klokke -a, -er, -ene
a Hokjønnsorda får i regelen -er, -ene i fleirtal. Vi bøyer:
ei bygd – bygda – bygder – bygdene
ei klokke – klokka – klokker – klokkene
Slå opp og bøy: dør, jakke, jente, kake, skål, årsak.
b Samandraging i eintal og fleirtal i ord som aksel, alen (mål), hulder.
Vi bøyer:
ei aksel – aksla – aksler – akslene
ei alen – alna – alner – alnene
ei hulder – huldra – huldrer – huldrene
2 Hokjønnsord med anna fleirtalsbøying:
a Ord på -ing og -ning får alltid -ar, -ane i fleirtal:
I lista står: helsing -a, -ar, -ane. Vi bøyer:
ei helsing – helsinga – helsingar – helsingane
Slå opp og bøy: gjerning, hending, melding, opplysning.
b Ei gruppe hokjønnsord får valfri fleirtalsbøying, dvs. -ar, -ane; el. -er, -ene.
I lista står: hei -a, -ar, -ane; el. fl -er, -ene.
Vi bøyer:
ei hei – heia – heiar – heiane; el. fl heier, heiene
Slå opp og bøy: elv, helg, myr, reim, øks, øy.
c Ein del hokjønnsord får -er og omlyd i fleirtal.
I lista står: bok -a, bøker, bøkene. Vi bøyer:
ei bok – boka – bøker – bøkene
Slå opp og bøy: and, bot, gås, hand, kraft, mus, natt, rot, stong, strand, tann, tong.
d I lista står: ku -a, kyr, kyrne. Vi bøyer:
ei ku – kua – kyr – kyrne
Slå opp og bøy: glo, klo, rå (til segl), tå.
e Legg spesielt merke til:
ei mor – mora – mødrer – mødrene
ei dotter – dottera – døtrer – døtrene
ei syster – systera – systrer – systrene eller
ei søster – søstera – søstrer – søstrene
f Former på -aa:
I lista står full bøying: mamma, mammaa, mammaer, mammaene
Slå opp og bøy: ballerina, donna, dadda, diva, geisha, madonna, og saga.
Inkjekjønn
1 Inkjekjønn er markert slik: hus -et, –, -a, eple -et, –, -a.
Inkjekjønnsord får inga ending i ubestemt form fleirtal
Vi bøyer:
eit hus – huset – fl hus – (alle) husa
eit eple – eplet – fl eple – (alle) epla
Slå opp og bøy: bibliotek, gode, menneske, merke, problem, skip, traume.
2 Avvik frå hovudmønsteret:
a Merk bøyinga av desse tre inkjekjønnsorda:
eit auge – auget – fl auge – (alle) auga eller
eit auga – auga – fl augo – (alle) augo
eit hjarte – hjartet – fl hjarte – (alle) hjarta eller
eit hjarta – hjarta – fl hjarto – (alle) hjarto
eit øyre – øyret – fl øyre – (alle) øyra eller
eit øyra – øyra – fl øyro – (alle) øyro
b barn kan i fleirtal heite anten barn – barna eller born – borna
c Framandord på -um:
Vi bøyer: eit depositum – depositumet – fl depositum – (alle) deposituma
Dei to orda faktum og antibiotikum får ei tilleggsbøying:
Eit faktum – faktumet – fl faktum – (alle) faktuma eller
fl fakta – (alle) faktaa. Slik bøyer vi også antibiotikum.
Slå opp og bøy: antibiotikum, kvantum, narkotikum, nøytrum, pensum, visum, votum.
d Framandord på -eum og -ium:
Vi bøyer: eit jubileum – jubileet – fl jubileum – (alle) jubilea
Slå opp og bøy: mausoleum, museum.
Slik bøyer vi også ord på -ium:
eit akvarium – akvariet – fl akvarium – (alle) akvaria
Slå opp og bøy: amfibium, auditorium, evangelium, herbarium, kollegium, laboratorium,
(masse)medium, podium, preludium, studium, territorium.
Grunnstoffnamn og andre kjemiske nemningar har derimot regelrett bøying:
natrium – natriumet, helium – heliumet
Slå opp og bøy: kadmium, opium, radium.
e Samandraging i eintal og fleirtal av ord som endar på trykklett -el, -en, -er:
Bestemt form eintal:
Inkjekjønnsord på trykklett -el, -en, -er skal ha full form i bunden form eintal. Eksempel: barometeret, kvartalet, lakenet, middelet, mylderet, senteret, sommelet, svovelet; tempelet, våpenet
Bestemt form fleirtal:
Dei fleste orda på -el, får samandraging: midla, templa, varsla
Orda på -er får full form: sentera, filtera, barometera
Orda på -en får full form: lakena, våpena.
Slå opp og bøy: døger, filter, gelender, gitter, hinder, helikopter, kateter, lager, monster, mønster, orkester, senter, siffer, under, kjøkken, esel, hengsel, mirakel, rektangel, sommel, stempel, spetakkel, tempel, varsel, ord på -meter, f.eks. barometer.
f Former på -aa:
I lista står: tema -et, –, temaa
Vi bøyer: eit tema – temaet – tema – temaa
Slå opp og bøy: delta, dilemma, drama, firma, kamera, klima, komma, mantra, panorama, paradigma, skisma, stigma, trauma.
Ord som kan ha fleire kjønn
I lista står: kasse -a, -er, -ene; el. -en, -ar, -ane. Altså bøyer vi anten: ei kasse – kassa – kasser – kassene, eller ein kasse – kassen – kassar –kassane
Bøy desse orda i det kjønnet som passar best med talemålet ditt:
-a el. -en: bane, bøye, farge, klasse, olje, pakke, plante, tale
-a el. -et: draft, eige, gardin, okle, ryggstø, rør, skrift (i tydinga hefte), syn
-en el. -et: kompass, kyss, minutt, sekund, smil
-a, -en el. -et: greip (reiskap), vis (måte)
Adjektiv
1 I lista står: god godt, -e. Vi bøyer:
ein god mann – ei god kone – eit godt barn – gode naboar
a Nokre adjektiv får dobbel t i inkjekjønn:
blå – blått – blå(e) | flat – flatt – flate |
feit – feitt – feite | grei – greitt – greie |
Slå opp og bøy: grå, hard, heit, kvit, raud, snau.
b Konsonantforenkling framfor ny konsonant (i inkjekjønn)
trygg – trygt – trygge
tjukk – tjukt – tjukke
tynn – tynt – tynne
Kvifor likevel fullt (av full) og visst (av viss)?
Slå opp og bøy: gløgg, stygg, frekk, snill, vill.
c Samandraging og konsonantforenkling (i fleirtal)
ussel – usselt – usle
vakker – vakkert – vakre
Slå opp og bøy: ekkel, lekker, gammal.
2 Viss adjektivet skal ha -t i inkjekjønn, er det alltid markert i lista: stor -t, -e. Men ein god del adjektiv får ikkje -t i inkjekjønn. Det gjeld mellom anna alle endestavingane -ete, -ig, -ug, -isk, -leg: flokete, gjerrig, villig el. viljug, energisk, farleg. Det står ein tankestrek (–) når det ikkje skal stå -t: absurd –, gammaldags –, glad –, norsk –, solid –.
Nokre adjektiv blir ikkje bøygde i det heile: gasta, grepa, corny el. korny, prima, rosa, sekunda
3 Adjektiv på -en bøyer vi slik:
a I lista står: doven dove el. dovent, dovne. Vi bøyer: ein doven mann – ei doven
kone – eit dove el. dovent barn – dovne folk.
Slå opp og bøy på same måten (finn høvelege substantiv): erfaren, furten, gedigen, open, tosken, tvungen, ueffen, vaken.
b Adjektiv på -en, som eigentleg er av sterke verb, bøyer vi på same måten bortsett frå at dei ikkje har to former i inkjekjønn. I lista står: vaksen vakse, vaksne.
Vi bøyer: ein vaksen mann – ei vaksen kvinne – eit vakse menneske – vaksnefolk (sjå Samsvarsbøying av sterke verb).
Bøy på same måten: bunden, durkdriven, erfaren, forfallen, forfrosen, innpåsliten, velkommen, sjølvskriven, svolten.
c Adjektiva eigen og liten:
min eigen gut – mi eiga jente – mitt eige barn – mine eigne bøker
ein liten gut – ei lita jente – eit lite barn – små(e) gutar. I bestemt form: den, det litle el. vesle; dei små(e).
4 Gradbøying (komparasjon)
Vi gradbøyer adjektivet i positiv, komparativ og superlativ:
a rik – rikare – rikast
dårleg – dårlegare – dårlegast
b Adjektiv på -el, -en og -er får samandraging:
simpel – simplare – simplast
galen – galnare – galnast
vakker – vakrare – vakrast
Merk: løyen – løgnare – løgnast
nøyen – nøgnare – nøgnast
c Uregelrette komparasjonar er alltid markerte i lista:
få(e) – færre – færrast | mykje – meir – mest |
gammal – eldre – eldst | stor – større – størst |
god – betre – best | tung – tyngre – tyngst |
lang – lengre – lengst | ung – yngre – yngst |
liten – mindre – minst | vond – verre el. vondare – verst el. vondast |
mange – fleire – flest |
d Omskriving med meir og mest:
sinna – meir sinna – mest sinna (men sint – sintare – sintast)
krevjande – meir krevjande – mest krevjande
rotete – meir rotete – mest rotete
Verb
1 Infinitiv
a-infinitiv: lesa, skriva
e-infinitiv: lese, skrive
kløyvd infinitiv: lesa, skrive
I nynorsk rettskriving kan ein bruke a-infinitiv, e-infinitiv eller kløyvd infinitiv. Det er ikkje høve til å bruke kløyvd infinitiv fritt etter talemålet. Kløyvd infinitiv skal praktiserast etter systemet som er omtalt i kapittelet kløyvd infinitiv. Det betyr at ein bruker -e i dei fleste verb og -a i dei verba som står oppstilte i tabellen.
Når ein skriv, må ein gjennomføre a-infinitiv (skriva) eller e-infinitiv (skrive) eller kløyvd infinitiv (lesa, men skrive) innanfor same tekst.
Bruk den infinitivsforma som ligg nærmast opp til målføret ditt.
Dei refleksivforma verba (dei på -st) har alltid -a i infinitiv: finnast, synast.
Om bruken av passivformer på -st, sjå under Vanskar når du skriv nynorsk.
2 Presens partisipp
endar alltid på -ande: etande, gåande, lysande.
3 Svake verb
får i preteritum endingane -a, -de, -dde eller -te. Vi deler dei vanlegvis inn i fire grupper:
a a-verb (kaste-klassa). I lista står: kaste -ar, -a, -a. Vi bøyer:
å kaste – kastar – kasta – har kasta
Dette er den største gruppa av svake verb og den einaste med -ar i presens.
Slå opp og bøy: angre, avlaste, ende, forsikre, handle, hente, kalle, klunke, taste, time, trave el. tråve.
b e-verb (dømme-klassa). I lista står: lære -er, -te, -t.
Vi bøyer: å lære – lærer – lærte – har lært
I lista står: leve -er, -de, -d el. -t. Vi bøyer å leve – lever – levde – har levd el. levt
I lista står: dømme el. døme -er, dømde el. dømte, dømt. Vi bøyer: å dømme el. døme – dømmer el. dømer – dømde el. dømte – har dømt
Denne gruppa har alltid -er i presens. I preteritum bruker ein endinga
1 -de når
– stamma endar på d, g, v, vokal eller diftong (konsonantane i ordet V-DAG)
– stamma endar på -gl, -gn, -mn, -rd, -ld, -nd og -ng: seglde, regnde, nemnde, vørde, melde, sende, ringde
– har øy i rota: drøymde, gløymde, høyrde, køyrde, strøymde
2 -te når
– stamma endar på f, k, l, p, s, t eller r, altså på konsonantane i ordet flaskepostar, trefte, brekte, befalte, hjelpte, løyste, bløytte, lærte
– stamma endar på vokal + -n: ante, synte, begynte, skjønte
3 valfritt -de eller -te når stamma endar på -m(m) og -enn:
bestemde el. bestemte; innrømde el. innrømte; kjende el. kjente; rende el. rente, svømde el. svømte
Fleire eksempel på bøying av e-verb:
arbeide – arbeider – arbeidde – har arbeidd el. arbeidt
leige – leiger – leigde – har leigd el. leigt
nemne – nemner – nemnde – nemnt
treffe – treffer – trefte – har treft
Slik kan vi også bøye dei alternative kortverba som står med full bøying i lista: blø el. bløde blør el. bløder, blødde, blødd el. blødt. Slå opp verba bla el. blade, fø el. føde, gle el. glede, kle el. klede, skru el. skrue, træ el. træde, va el. vade
Merk: å bøye – bøyer – bøygde – har bøygd el. bøygt.
Slik går også smøye, tøye.
Merk også: å nøye (seg) – nøyer – nøgde – har nøgd el. nøgt. Slik går også pløye.
Endeleg: å vie – vier – vigde – har vigd el. vigt.
Merk deg dette: Når preteritumsendinga er -a, er presensendinga alltid -ar. Verb med andre preteritumsendingar, -de el. -te el. -dde får -er i presens.
Viktig: Alle framandord på -ere får berre -te i preteritum – som i bokmål. Det gjeld utan unntak.
I lista står: studere -er, -te, -t. Vi bøyer:
å studere – studerer – studerte – har studert. Bøy også annonsere, demonstrere, regulere, resonnere, trafikkere.
Som det går fram av eksempla ovanfor, har perfektum partisipp dobbeltformer på -d eller -t når stamma endar på d, g, v, vokal eller diftong.
c j-verb (telje-klassa). I lista står full bøying: telje tel, talde, talt
Desse verba bøyer vi slik:
å fortelje – fortel – fortalde – har fortalt
å krevje – krev – kravde – har kravd el. kravt
å velje – vel – valde – valt
Bøy på same måten: skilje, smørje, spørje, symje, temje el. temme, velje, venje el. venne.
Telje-klassa har einstavingsform i presens og oftast vokalskifte i preteritum og perfektum.
Utan vokalskifte er for eksempel desse verba:
selje – sel – selde – selt
setje el. sette – set – sette – sett
d Kortverb (tru-klassa). I lista står full bøying: tru trur, trudde, trudd el. trutt. Slik går kortverb som bu, snu, glo, nå. Her kan vi òg plassere dei alternative kortverba som står slik i
lista: blø el. bløde, blør el. bløder, blødde, blødd el. blødt. Sjå punkt b.
På liknande måte bøyer vi verb som breie, greie, leie, spreie. Dei står oppførte slik: breie breier, breidde, breidd el. breitt. Slå opp dei andre!
4 Uregelrette svake verb
a Modale hjelpeverb:
burde – bør – burde – burt
kunne – kan – kunne – kunna
måtte – må – måtte – måtta el. mått
skulle – skal – skulle – skulla
tore – torer el. tør – torde – tort
vilje – vil – ville – vilja
b Vi bøyer nokre verb til:
eige – eig – åtte – ått; el. eigde – eigd el eigt
gjere – gjer – gjorde – gjort
ha – har – hadde – hatt
leggje el. legge – legg – la – lagt
seie – seier – sa – sagt
teie – teier – tagde – tagd
vite el. vete – veit – visste – visst
5 Sterke verb
I lista fører vi opp dei sterke verba i infinitiv, presens, preteritum og perfektum partisipp, f.eks. finne finn, fann, funne.
Vi bøyer: å finne – finn – fann – har funne. Slå opp og bøy: ete, falle, få, grave, kome el. komme, liggje el. ligge, ta, vekse, sjå, slå, stå.
Samsvarsbøying av perfektum partisipp
Det skal vere samsvarsbøying i partisipp av sterke og svake verb, men det er og mogleg å la vere å samsvarsbøye partisipp av svake verb i predikativ stilling. Samsvarsbøying blir brukt i to tilfelle:
1 som predikativ etter vere, verte, bli
2 som attributt føre substantiv
Systemet for samsvarsbøying av partisipp blir slik:
1 Svake perfektum partisipp i predikativ stilling kan anten ha samsvarsbøying eller stå i inkjekjønn (supinum):
planen er nemnd/nemnt | summen er disponert |
resultatet er nemnt | beløpet er disponert |
planane er nemnde/nemnt | alle inntektene er disponerte/disponert |
I lista står: unemnd unemnt, unemnde | I lista står: disponert –, -e
Den ubøygde inkjekjønnsforma er ikkje oppført under oppslagsorda i ordlista. |
2 Sterke perfektum partisipp har obligatorisk samsvarsbøying i predikativ stilling:
fisken er frosen. | romanen er lesen |
vatnet er frose | diktet er lese |
kjøttkakene er frosne | novellene er lesne |
I lista står: frosen frose, frosne | I lista står: lesen lese, lesne |
3 I attributiv stilling skal både svake og sterke partisipp ha samsvarsbøying. Den bøygde forma av det svake partisippet får da fleirtalsending:
nemnd plan | frosen kjøtdeig |
nemnt resultat | frose brød |
nemnde planar | frosne bollar |
Desse supinumsformene skal ikkje ha samsvarsbøying: blitt, dradd/dratt, fått, gitt, gått, latt, sett (av sjå), slått, stått, tatt. Derfor må vi skrive: Alle pengane blei gitt til prosjektet. Nye løyper er gått opp. Alle bøkene er gjennomsett. Begge båtane blei dradd el. dratt på land. Alle brytarane er slått av. Nye poteter er alt tatt opp.
Samsvarsbøying – meir detaljert gjennomgang
Svake verb
a a-verb. Inga samsvarsbøying, men -a i alle kjønn og tal: Han, ho, det, dei blei vraka; vraka mann, vraka kvinne, vraka framlegg, vraka medlemmer.
b e-verba har slik samsvarsbøying:
lære
preteritum lærte supinum har lært |
hankjønn/hokjønn | inkjekjønn | fleirtal |
Predikativ stilling | |||
valfrie ubøygde former: | som supinum | som supinum | som supinum |
han, ho blei opplært | barnet blei opplært | alle blei opplært | |
valfrie bøygde former: | som preteritum minus –e | som supinum | som preteritum |
han, ho blei opplært | barnet blei opplært | alle blei opplærte | |
Attributiv stilling | |||
bestemt form: | som preteritum:
den (opp)lærte |
som preteritum:
det (opp)lærte |
som preteritum:
dei (opp)lærte |
ubestemt form: | som preteritum minus -e | som supinum | som preteritum |
(utanåt)lært song/vise | (utanåt)lært dikt | (utanåt)lærte viser |
Valfrie ubøygde former: Denne skjematiske oppstillinga viser at partisippet i predikativ stilling valfritt kan stå ubøygd og får da same form som supinum (forma etter har).
Valfrie bøygde former: Vi må sjå på preteritum – der får vi vite korleis vi skal samsvarsbøye. I svake verb er fleirtal av perfektum partisipp lik preteritum. Preteritumsforma står under kvart enkelt verb i ordlista. Derfor må vi skrive: dei blei opplærte, planane blei (ut)arbeidde og hendingane blei (opp)levde. Tek vi så bort e-en, har vi hankjønn/hokjønn-forma: (utanåt)lært, bygd, (ut)arbeidd, (opp)levd, vald, trudd. Inkjekjønnsforma endar (eller kan ende) på -t: (opp)lært, dømt, bygt el. bygd, (ut)arbeidt el. (ut)arbeidd, (opp)levt el. -levd, valt, trutt el. trudd.
Eit par eksempel til med verba byggje el. bygge og døme el. dømme:
byggje el. bygge
preteritum bygde supinum har bygd el. bygt |
hankjønn/hokjønn | inkjekjønn | fleirtal |
Predikativ stilling | |||
valfrie ubøygde former: | som supinum:
han, ho blei bygd el. bygt |
som supinum:
huset blei bygd el. bygt |
som supinum:
husa blei bygd el. bygt |
valfrie bøygde former: | som preteritum minus –e
han, ho blei bygd |
som supinum
huset blei bygd el. bygt |
som preteritum
husa blei bygde |
Attributiv stilling | |||
bestemt form: | som preteritum:
den (ny)bygde banen |
som preteritum:
det (ny)bygde huset |
som preteritum:
alle nybygde banar |
ubestemt form: | som preteritum minus -e:
(ny)bygd høgfartsbane |
som supinum
(ny)bygd el. (ny)bygt hus |
som preteritum
(ny)bygde banar |
døme el. dømme
preteritum dømde el. dømte supinum har dømt |
hankjønn/hokjønn | inkjekjønn | Fleirtal |
Predikativ stilling | |||
valfrie ubøygde former: | som supinum:
han, ho blei dømt |
som supinum:
det blei dømt |
som supinum:
alle blei dømt |
valfrie bøygde former: | som preteritum minus -e:
han, ho blei dømd el. dømt |
som supinum:
det blei dømt |
som preteritum:
alle blei dømde el. dømte |
Attributiv stilling | |||
bestemt form: | som preteritum:
den dømde el. dømte personen |
som preteritum:
det dømde el. dømte mennesket |
som preteritum:
dei dømde el. dømte personane |
ubestemt form: | som preteritum minus
-e: dømd el. dømt mann/kvinne |
som supinum:
dømt menneske |
som preteritum:
dømde el. dømte personar |
Set inn dei rette perfektum partisipp-formene med variantar:
(arbeide) Planen blei (ut) ....., planane blei (ut) .....
(byggje) Huset blei ....., husa blei .....
(fylle) Sekken blei ....., sekkene blei .....
(kjøpe) Boka blei ....., bøkene blei .....
(stengje) Døra var ....., huset var ....., dørene var .....
c j-verba:
selje
preteritum selde supinum har selt |
hankjønn/hokjønn | Inkjekjønn | Fleirtal |
Predikativ stilling | |||
valfrie ubøygde former: | som supinum
han, ho blei selt |
som supinum
huset blei selt |
som supinum
husa blei selt |
valfrie bøygde former: | som preteritum minus -e
han, ho blei seld |
som supinum
huset blei selt |
som preteritum
husa blei selde |
Attributiv stilling | |||
bestemt form: | som preteritum:
den selde aksjen |
som preteritum:
det selde hus |
som preteritum:
dei selde husa |
ubestemt form: | som preteritum minus -e
seld aksje |
som supinum
selt hus |
som preteritum:
selde hus |
Set inn dei rette perfektum partisipp-formene:
(velje) Han blei ....., ho blei ....., det blei ....., dei blei .....
(spørje) Han blei ....., ho blei ....., det blei ....., dei blei .....
(selje) Garden blei ....., hytta blei ....., huset blei ....., gardane blei .....
d kortverba:
spreie
preteritum: spreidde supinum: har spreidd el. spreitt |
hankjønn/hokjønn | inkjekjønn | fleirtal |
Predikativ stilling | |||
valfrie ubøygde former: | som supinum
klassen er spreidd el. spreitt |
som supinum
ryktet er spreidd el. spreitt |
som supinum
rykta er spreidd el. spreitt |
valfrie bøygde former: | som preteritum minus -e
klassen blei spreidd |
som supinum
ryktet blei spreidd el. spreitt |
som preteritum
rykta blei spreidde |
Attributiv stilling | |||
bestemt form: | som preteritum:
den spreidde busetnaden |
som preteritum:
det spreidde kornet |
som preteritum:
dei spreidde korna |
ubestemt form | som preteritum minus -e
spreidd busetnad |
som supinum
spreidd el. spreitt korn |
som preteritum spreidde førekomstar |
Set inn dei rette perfektum partisipp-formene:
(tru) Mannen blei ....., barnet blei ....., alle blei .....
(flå) Kua blei ....., lammet blei ....., sauene blei .....
(breie) Dette treslaget er svært (ut) ....., desse plantene er (ut) ..... overalt.
(leie) Ho blei ..... inn, dei blei ..... inn.
(spreie) Gifta blei ..... overalt, etterkommarane hans blei ..... over heile landet, ryktet blei ..... vidt omkring.
e Uregelrette svake verb:
Set inn dei rette perfektum partisipp-formene:
(gjere) Vegen er ..... ferdig, mykje er ....., sakene er (av) .....
(leggje) Saka blei ..... på is, sakene er ..... på is, det blei ..... vinn på.
(seie) Dommen er (av) ....., ordet blei ....., orda blei .....
(teie) Sanninga blei ..... i hel, orda hans blei ..... i hel, det er best at det blir ..... med dette.
f Eit samandrag:
1 Etter har og hadde bruker vi alltid inkjekjønnsforma: har dømt, lært, arbeidd el. arbeidt, bygd el. bygt, levd levt, valt, trudd el. trutt, greidd el. greitt,, lagt, sagt, tagd el. tagt. Sjå Verb, punkt 3 b.
2 Samsvarsbøying av sterke verb
Samsvarsbøyinga er slik (sjå Adjektiv, punkt 3):
Elgen er skoten, rypa er skoten, viltet er skote, dyra er skotne.
Han er kom(m)en, ho er kom(m)en, det er kom(m)e, dei er komne.
Ein skoten elg – ei skoten rype – eit skote vilt – skotne dyr.
Regelen er at vi bøyer sterke partisipp i kjønn og tal etter hjelpeverba vere, verteog bli i samsvar med det ordet dei står til.
NB! Du kan gjere det mykje enklare ved å bruke har/hadde i staden for er: Han, ho, det, dei, vi, folk har/hadde kom(m)e. Då bruker du berre supinum (inkjekjønnsforma), og den står alltid oppført i lista.
Kort om pronomen
Pronomen er vikarord. Dei står i staden for substantiv og adjektiv. Skjematisk oversikt over personlege pronomen:
Eintal | |||
1. pers. | 2. pers. | 3. pers. | |
Subjekts-form | eg | du | han, ho, det |
Objekts-form | meg | deg | han, ho el. henne, det |
Fleirtal | |||
1. pers. | 2. pers. | 3. pers. | |
Subjekts-form | vi el. me | de el. dokker | dei |
Objekts-form | oss | dykk el. dokker | dei |
Nokre eksempel på bruken av pronomen:
1 Bm: Dere må passe dere. Nyno: De el. Dokker må passe dykk eller dokker
Høfleg (til ein eller fleire): De må passe Dykk.
Bm: Dere må ta med dere bøkene deres. Nyno: De el. Dokker må ta med dykk el. dokker bøkene dykkar el. dokkar.
Høfleg (til ein eller fleire): De må ta med Dykk bøkene Dykkar eller: Ver så vennleg(e) å ta med Dykk bøkene Dykkar.
2 Bm: hvem, hva, hvor. Nyno: kven, kva, kor el. kvar (om stad).
Oppgåve for klassen: Vi har no behandla ordklassane substantiv, verb, adjektiv og pronomen. Leit i lista og finn fram til ordklassane. determinativ, demonstrativ, kvantor, forsterkar, preposisjon, konjunksjon, subjunksjon og interjeksjon! Alle er med!
Skrivereglar
Og eller å?
1 Konjunksjonen og bind saman syntaktisk likeverdige setningar eller ledd: hus og hytte (to substantiv). Det var kveld, og alle måtte heim (to setningar).
Viktig: Og bind berre saman ledd som er sideordna.
2 Å er infinitivsmerke og kan berre stå framfor ein infinitiv:
Å skrive rett er ikkje lett.
Merk: så å seie, sant å seie, vel å merke, godt å vite. (Grunngi bruken av å her!)
Det som er sagt under 1 og 2, er grunnreglar. Alle andre reglar om og eller å er variasjonar over dei.
3 Sideordning (og) eller underordning (å)? Fortidsprøva.
a Vi må prøve og?/å? rekke toget. Vi set den første infinitiven om til fortid. Viss den andre følgjer med, har vi sideordning med og. Blir han uendra, syner det at vi har underordning med å:
Vi prøvde og rakk? / å rekke? toget. Fortidsprøva viser at vi må skrive: vi må prøve å rekke toget. Her har vi altså ein underordna infinitiv (som objekt). Bruk fortidsprøva på setninga: Han måtte love å prøve å slutte å røykje og drikke og
krangle og slåst.
Oppgåve: Set inn og eller å: Ho ville ha godt av ... komme ut blant folk ... prøve... få meir kontakt med dei ... treffe nye venner. Bruk fortidsprøva!
b Vi ville ut og?/å? bade. Her er to handlingar sideordna: ville (dra) ut og ville bade. Vi set den første infinitiven – dra – om til preteritum: Vi drog ut og bada / Vi drog ut for å bade.
Fortidsprøva avdekkjer to tydingar. Vi kan bruke småordet for når vi meiner underordning (formål), og vi kan skrive: Vi ville ut og bade. Men: Vi ville ut for å bade.
Eit liknande tilfelle har vi i setninga: Han skulle vere med og?/å? spele fotball. Fortidsprøva avdekkjer igjen to tydingar: Han var med og spelte fotball(sideordning av to verbal), han var med for å / på å spele fotball (underordning). Med småorda for og på gjer vi det tydelegare kva vi meiner.
c Vil du vere så vennleg og?/å? fylle ut skjemaet. Her viser fortidsprøva at både sideordning med og og underordning med å går an: Du var så vennleg og fylte ut skjemaet / Du var så vennleg å fylle ut skjemaet. Men underordninga med å står nok sterkare, særleg viss vi bruker småordet så: Vil du vere så vennleg å fylle ut skjemaet.
Vi bruker og i setningar som desse: Ver så god og forsyn deg! Ver så snill og
kom! Ver vennleg og fyll ut skjemaet! Kom inn og få katalogen vår! Kvifor?
Men det må heite: Sjå å bli ferdig! Prøv å begripe! Hugs å slå av anlegget!
d Bli ståande og prate. Her skulle ein vente å. Men fortidsprøva viser oss at det dreier seg om to sideordna handlingar: Dei stod og prata. Bruk fortidsprøva og fyll inn: dei blei liggjande ... sole seg, han blei sitjande ... lese, dei blei gåande ... diskutere, tilskodarane blei ståande ... måpe.
Når skal vi setje komma?
Komma er eit pauseteikn som vi set der det er naturleg å gjere ein stans i lesinga.
1 Vi set komma mellom alle sideordna setningar. Sideordna setningar er setningar som er bundne saman med konjunksjonane og, men, eller, for. Eksempel: Han måtte køyre forsiktig, for vegen var smal og svingete (to heilsetningar). Han sa kven han hadde sett, og kva dei gjorde (to leddsetningar).
Merk: men får alltid komma framfor seg endå om det ikkje følgjer ei fullstendig setning etter. Han sa nei, men kom likevel.
Det skal stå komma også mellom korte setningar: Sola skin, og fuglane syng. Når setningane uttrykkjer same handling, kan komma sløyfast: Dei gjekk og dei gjekk.
2 Når leddsetninga står først i heilsetninga, må det stå komma: Då han hadde gått, ringde telefonen.
3 Når leddsetninga kjem sist i heilsetninga, skal det stå komma berre når leddsetninga ikkje er nødvendig for at heilsetninga skal få full meining: Han er frå Bergen, som er nest største byen i landet.
Dei hadde vore i Berlin, som no er hovudstaden i Tyskland.
4 Det skal stå komma etter ei innskoten setning: Eit spørsmål eg stilte meg, var om eg ville greie det. Det planleggjaren tok sikte på, var å utnytte arealet godt. Den som søv, syndar ikkje.
5 Når den innskotne leddsetninga er unødvendig for meininga i heilsetninga, må det stå komma både føre og etter: Planutkastet, som er på 75 sider, er lagt ut til gjennomsyn.
6 Det skal stå komma mellom ledda i ei opprekning: Det store, vakre og solvende området. Ikkje komma mellom dei to siste ledda der det står og!
Legg merke til forskjellen: Eit fint, opparbeidd bustadfelt (sideordning). Eit fint opparbeidd bustadfelt (fint står til opparbeidd).
7 Vi set komma føre og etter ein apposisjon: Direktøren ved bedrifta, Jan Johansen, ville ikkje kommentere saka.
8 Vi set komma føre og etter svarord og tiltaleord: Ja, vi er klare no. Nei, vi fann han ikkje. Kom, vi må vidare! Huff, no regner det att.
9 Vi set komma framfor korte heilsetningar av typen sa han, trudde vi, meinte hoog liknande: «Eg tenkjer så ofte på deg», sa han.
10 Vi set ikkje komma etter infinitivsuttrykk av typen: For fullt ut å forstå dette må vi ha grundige kunnskapar. Ved å leggje ruta lenger sør unngjekk vi dei brattaste partia.
Til slutt denne påminninga:
Ein kan i spesielle tilfelle setje komma der det trengst ein stans i lesinga, eller der komma gjer meininga tydelegare. Tilsvarande kan ein sløyfe komma der det ikkje er grunn til å gjere nokon stans i lesinga, eller der meininga blir tydelegare utan komma – sjølv om det strir mot dei generelle kommareglane.
Store og små forbokstavar
Stor forbokstav
Stor forbokstav bruker vi:
1 når ein ny periode begynner. I ei oppramsing som følgjer etter kolon, bruker vi liten forbokstav. Bruk berre desse fargane: gult, grønt og blått. Kjem éi eller fleire heilsetningar etter kolon, skal ein bruke stor bokstav. Svaret er: Saka er avgjord.
Merk: Stor forbokstav i forkortingar som edb, hk, tv i setningsstart: Tv-programmet var godt. Ved namn av typen de Gaulle, ter Jung, van Gogh kan vi bruke liten forbokstav når namna kjem først i ei sjølvstendig setning.
2 i alle særnamn: Anne, Brasil, Asia. Merk: tilnamn utan artikkel: Olav Digre, Sankt Peter, Tore Hund. Står det derimot artikkel framfor tilnamnet, bruker vi liten forbokstav: Olav den heilage, Håkon den gode.
I titlar bruker vi liten forbokstav: lektor Hansen, Nils skreddar, Håkon jarl, Jørgen hattemakar.
3 i høfleg tiltale: De, Dykk, Dykkar. Likeins: Hans Majestet, Hennar Majestet.
4 i namn på aviser, tidsskrift, bøker og liknande: Dagbladet, Samtiden, Juvikfolke (Duun), Det gamle testamentet (berre første ordet har stor forbokstav), Bibelen (men studere bibelen sin).
5 i namn på institusjonar: Kongen (om statsorganet, men om privatpersonen: kongen), Stortinget (om institusjonen eller bygningen, men eit nytt storting), Regjeringa eller regjeringa (om institusjonen), men berre ei ny regjering),
Postverket, Riksrevisjonen, Forsvaret, Miljøverndepartementet. Men: staten, politiet, posten.
6 i første leddet av namn som består av fleire ord: Dei sameinte nasjonane, Norsk språkråd (men Språkrådet), Statens lånekasse (men Lånekassa), Utdannings- og forskingsdepartementet.
Ved namn på private firma og organisasjonar bør vi følgje den skrivemåten som dei bruker sjølve, for eksempel: Det Norske Teatret, Den norske Bank.
Er det første ordet i eit fleirleddsnamn eit særnamn, er det ganske vanleg å skrive også det andre ordet med stor forbokstav: Noregs Bank, Oslo Sporveier.
7 i samansetningar der det første leddet er eit særnamn, blir det ei utvikling i tre ledd: Oslo-tur, Noregs-reklame, Munch-måleri. Er samansetninga blitt vanleg i språket, bruker vi liten forbokstav og ikkje bindestrek: noregsmeister, oslomann, amerikafeber, selbuvott. Er samansetninga blitt særnamn, skriv vi stor forbokstav: Dovrefjell, Hardangervidda, Lofotveggen, Suezkanalen, Thranerørsla, Wienkongressen.
8 i samansetningar der det andre leddet er eit særnamn: Aust-Agder, Nord-Noreg, Sør-Europa. Merk: Midtausten, Vesleasia, Vestindia. Vidare har vi: Utkant-Noreg, Distrikts-Noreg, Aust- og Midt-Telemark, Sommar-Oslo (merk stor bokstav i forleddet).
9 i namn på geografiske område, planetar, stjernebilete: Nordsjøen, Venus, Mjølkevegen. Liten forbokstav i jorda, sola og månen: Snart kan jorda vere overbefolka.
Liten forbokstav
Liten forbokstav bruker vi:
1 i alle samnamn: vår, papir, ideologi, svenske, amerikanar, kinesar.
2 i forkortingar for måleiningar av typen dB, pH i setningsstart.
Oppgåve: Bruk ordlista og retningslinjene ovanfor til å finne ut kva for nokre av desse orda eller ordgruppene som skal ha stor forbokstav: høgsterett, arbeidstilsynet, edb, nato, barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, «blir du med?» «ja, men du må vente litt», norsk rikskringkasting, rikstrygdeverket, bygdøy allé, folkemuseet, stuartane, afrikanar, svensk, politiet, posten, kommunestyret, formannskapet, luftforsvaret, flyvåpenet. (Finn fleire!)
Særskriving eller samanskriving
1 Vi skriv orda kvar for seg når det ikkje er spesielle grunnar til å skrive dei saman: av garde, der inne, etter at, etter kvart, for at, for så vidt, i dag, i går kveld, i morgon, kan hende, om att, om bord, om igjen, på eiga hand, så nær som, til dømes.
Valfritt: i alle fall el. iallfall, i det el. idet, for di el. fordi, for resten el. forresten, så pass el. såpass.
2 Ord med fleire delar som blir uttalte med eitt hovudtrykk, skal skrivast saman: imens, imedan, 20-årsalderen. telefonkatalog, tredjegradsforbrenning.
To preposisjonar skriv vi alltid saman: iblant, ifrå, igjennom, imellom, imot.
3 Av og til kan vi få fram ulike tydingar alt etter om vi vel særskriving eller samanskriving: Er mannen altfor sur – gjer alt for å blidgjere han. Det var ein gong ein mann. Ikkje eingong du møtte opp. Etter som (etter kvart som), men ettersom (sidan). Elske ein over alt i verda, men vere overalt.
Når forenklar vi dobbeltkonsonanten?
Dobbeltkonsonanten blir forenkla i bøyingsformer når det kjem ein ny konsonant i tillegg. Dette gjeld særleg ved:
1 adjektiv: sann – sant, sikker – sikre, vill – vilt
2 e-verb: byggje – bygde – bygd/bygt, minne – minte – mint, skjenne – skjente – skjent
3 substantiv: middel – midla, sommar – somrar, sykkel – syklar, vaffel – vaflar
Kvifor heiter det likevel: fullt av full, visst av viss, sleppte av sleppe, søkkte av søkkje, tynnte av tynne?
Framfor genitivs-s held vi på dobbeltkonsonanten: til fjells, til topps
Deling av ord ved linjeskifte
Vi deler ord ved ny linje slik:
1 Samansette ord deler vi i dei enkelte ledda: barne-hage, fjell-tur, første-reisgut el. førstereis-gut.
Slik deler vi også ord med lett kjennelege etterledd som -aktig, -else, -heit, -inne,-isme, -skap: narr-aktig, betenn-else, leileg-heit, songar-inne, kapital-isme, tru-skap.
2 Ved usamansette ord skal det gå ein konsonant til ny linje: ro-pe, vel-te, vin-ne, mak-rell, vans-keleg.
Merk: Del ikkje -gj-, -kj-, -sj- og -ski-! Derfor: føl-gje, lig-gje, bik-kje, sø-kje, na-sjon, dro-sje, eta-sje, ma-skin.
3 Framande samansetningar kan delast både etter regel 1 og regel 2: atmo-sfære el. atmos-fære, inter-esse el. inte-resse, pro-blem el. prob-lem.
Det same gjeld ord med bøyingsending og nokre avleiingar: hus-et el. hu-set, vegg-ene el. veg-gene, (ho) kjøp-er el. kjø-per, reis-ande el. rei-sande, snikk-ar el. snik-kar, snikr-ing el. snik-ring.
Bruk av bindestrek
Vi bruker bindestrek
1 til å dele ord ved ny linje: barne-hage, atmo-sfære, ro-pe.
2 ved samanstilling av siffer og bokstavar: 1800-talet, 50-årsjubileum, 8-toget, A4-format, P2-program. DC9-fly, 1.-divisjonslag, 17. mai-tale, 4H-lag.
3 ved samanstilling av initialord og bokstavar: FN-pakta, OECD-rapport, CO-innhald, ikt-utvikling, farge-tv, edb-utstyr. Det gjeld også bøygde former av initialord og forkortingar: tv-en el. TV-en, vit.ass.-en. Når samansetninga blir skriven med små bokstavar og lesen og oppfatta som eit vanleg ord, kan vi sløyfe bindestreken, f.eks. aidssjuk, alkotest, lokførar, popgruppe.
4 når samansetningsledd er utelate: sommar- og vinterhalvåret, av- og påstiging, hagebord og -benker.
5 når det er tenleg å skilje ledda i ei samansetning: i-land, ja-stemme, norsk-svensk samarbeid, vegg-til-vegg-teppe, svart-kvitt-bilete, nord-sør-dialog, gå-sakte-aksjon, god-dag-mann-økseskaft-svar, heime-åleine-fest, berg-og-dal-bane, tur-retur-billett, øyre-nase-hals-spesialist. Sjå òg Store og små forbokstavar, punkt 7 og 8.
6 der tre like konsonantar støyter saman, kan vi anten bruke bindestrek eller sløyfe den eine konsonanten: bussjåfør el. buss-sjåfør.
Bruk av tankestrek
Vi bruker tankestrek slik:
1 tankestrek skil ut eit innskot: Dersom du seier ja – og det håper eg at du gjer – kan vi starte no
2 tankestrek ved oppgåver som blir tekne opp att med bokstavar: Han fekk ei påskjønning på 100 000 – eitt hundre tusen – for innsatsen
3 tankestrek ved replikkveksling:
– Kjem vi vidare?
– Ja, utan tvil.
4 tankestrek markerer avbrot i talen: Kom deg vekk din –!
5 tankestrek mellom siffer og namn i uttrykk for utstrekning, periode og omfang:
– perioden 7.–30. september
– tidsrommet 07.05.–31.12.2012
– måndag–fredag; side 7–89
– toppmøtet Obama–Medvedev
– by–land-tautrekking; pasient–lege-forhold
– dei møttest berre fem–seks gonger
– teikn for null øre: kr 99,– (eller: kr 99,00)
Merk forskjellen: |
10–300 bilar (dvs. frå ti til 300 bilar) |
100–300 bilar (dvs. frå hundre til tre hundre bilar) |
100–300 000 bilar (dvs. frå hundre til tre hundre tusen bilar) |
100 000–300 000 bilar (dvs. frå hundre tusen til tre hundre tusen bilar) |
Bruk av apostrof
Vi bruker apostrof
– til å markere at bokstavar manglar: go’ungen, på trå’n, gla’nytt, ’n Ola, Kupper’n
– til å markere genitiv ved ord som sluttar på -s, -x eller -z: Lars’ bil, SAS’ rutetider, Marx’ skrifter, Grete Waitz’ innsats
– apostrof kan brukast i forbokstavsord som endar på liten bokstav (berre viss initialordet kan lesast bokstav for bokstav): Aps politikk eller Ap’s politikk. Men skriv vi forbokstavsord med store bokstavar, bruker vi ikkje apostrof og skriv: NATOs planar og APs politikk
Utover dette bruker vi ikkje apostrof ved genitivs-s. Vi skriv derfor: Bondeviks initiativ, Grethas salong, Harald Vs regjering eller Harald 5.s regjering
Bruk av skråstrek
Vi bruker skråstrek
– til å vise alternativ: av/på-knapp, han/ho, ja/nei-svar. Her betyr skråstreken eller.
Vi bruker mellomrom før og etter skråstreken når minst eitt av alternativa består av to eller fleire ord: Ta med varm jakke / regntøy
– til å vise tidsrom: skuleåret 2011/12, veke 50/51. Dreier det seg om eit lengre tidsrom, bruker vi tankestrek og skriv 2005–09
– når vi skriv forkorta måleiningar: km/t eller km/time eller km/h
Då eller når?
1 Då – den gongen då (fortid).
Då han stod opp, var veret fint. Då han ser nøyare etter, oppdagar han faren somventar (historisk presens). Merk: No, då veret har letta, kan vi begynne att. I dag, då situasjonen er meir avklara, kan vi planleggje vidare.
2 Når – kvar gong når (om tid).
Når det ringjer (ringde), går (gjekk) elevane inn (kvar gong). Når det ringjer (harringt) i morgon på denne tid, er eksamen over (om framtida).
3 Når kan også vise til ei årsak og ha tydinga «ettersom». Når det er (var) slik, kan (kunne) ikkje vi gjere meir.
Endå eller enno?
1 Endå er gradsadverb. Planane blir endå meir omfattande.
2 Endå er vedgåingskonjunksjon. Framgangen er liten, endå (om) han gjer sitt beste.
3 Endå i tydinga «ein – til». Endå ein ny plan er lagt fram.
4 Enno og endå er likestilte som tidsadverb. Planen er ikkje lagt ut til gjennomsyn enno eller endå.
Vanskar når du skriv nynorsk – ei rettleiing
I vår spesielle språksituasjon med to offisielle målformer vil det rett som det er oppstå situasjonar der vi får vanskar med å finne dekkjande ord og uttrykk i nynorsk når vi vil bruke formuleringar vi kjenner frå bokmål. Vi skal innom nokre problemområde:
Genitiv på -s
Genitiv på -s i bestemt form er mykje brukt i bokmål, i nynorsk lite. I nynorsk finst det andre uttrykksmåtar som vi bruker mykje i tale og skrift:
1 Preposisjonane til, av, på, i, for, med, frå, åt. Det er foreldra til eleven (bm elevens foreldre). Gjennomføring av planane (bm planenes gjennomføring). Mannskapet på skipet (bm skipets mannskap). Statsoverhovudet i landet (bm landets statsoverhode). Formålsparagrafen for skulen (bm skolens formålsparagraf). Formålet med avtalen (bm avtalens hensikt). Innlegg frålesarane (bm lesernes innlegg).
Som det går fram av desse eksempla, dekkjer genitiv i bokmål eit vidt felt, eit felt vi med fordel kan nyansere – ved å bruke preposisjonar. Det kan vi også gjere i bokmål. Ein konkret og nyansert språkbruk gir meir effektiv kommunikasjon. Folk forstår oss betre, fortare og lettare.
2 Samansetting
Skulefana (bm skolens fane). Folkeviljen (bm folkets vilje).
3 Eigedomspronomena hans, hennar:
Motorsykkelen hans Jørgen, kjøttkakene hennar mor, skoa hans far. Denne uttrykksmåten bruker vi helst i samband med personnamn og orda mor og far.
4 Eigedomspronomenet sin, si, sitt, sine:
Dette er timeplanleggjaren sitt arbeid. Det er Vegvesenet si oppgåve. Denne uttrykksmåten samsvarer godt med talemålet vest- og nordpå i landet. Han er mindre brukt i andre landsdelar. Mange vil helst unngå han i skrift (ofte kalla «garpegenitiv»). Betre: Det er oppgåve for Vegvesenet.
5 Verbal ordlegging:
Det var før ein hadde gummistøvlar (bm ... før gummistøvlenes tid). Dette er ei erklæring om den stillinga forbrukarane har i dag (bm ... forbrukernes stilling i dag). Komiteen ser det slik at ... / Komiteen har komme til at ... (bm ... etter komiteens vurdering ...).
Under punkt 1 hadde vi sju eksempel på genitivskonstruksjonar som vi gav att med sju ulike preposisjonsuttrykk. Bruken av preposisjonar gjer i regelen framstillinga meir konkret og nyansert. Vurder effekten av erstatningane for -s-genitivane under punkt 2–5!
Når dette er sagt, må det leggjast til at genitiv på -s i bestemt form er vanleg i talemålet i somme landsdelar, f.eks. i Agder og Telemark. Det bør kunne komme til uttrykk i nynorsk skrift – særleg når det dreier seg om konkrete eigeforhold, f.eks.: elevens talemål, statens lønnsregulativ, skulens tilbod til elevane, dagenstekst.
Om bruken av passivformer på -st
På bokmål bruker ein ofte ei -s-form av verbet (f.eks. gjøres) for å lage passiv. Eksempel: «En ber om at alle gjøres kjent med vedtaket.»
På nynorsk skriv ein: Ein ber om at alle blir gjorde kjende med vedtaket. Berre etter modale hjelpeverb bruker vi i nynorsk -st-form i passiv, tilsvarande den på -s i bokmål: Alle må gjerast kjende med vedtaket. Nokre eksempel til:
Bm: Lønna utbetales hver 14. dag. Nyno: Lønna blir utbetalt kvar 14. dag. Men: Lønna skal utbetalast kvar 14. dag.
Bm: Innsendte attester returnes ikke. Nyno: Innsende attestar blir ikkje returnerte. Men: Innsende attestar skal ikkje returnerast.
Det kan ofte vere tenleg å formulere seg i aktiv:
Bm: Søknad sendes styret. Nyno: Søknaden kan/skal sendast til styret eller Send søknaden til styret. Denne uttrykksmåten rår vi frå: Søknaden vert/blir å sende styret.
Bm: Bøkene bestilles i bokhandelen. Nyno: Bøkene kan bestillast i bokhandelen, eller Bøkene bestiller De/de/du i bokhandelen.
Bm: Det vises til § 55 i arbeidsmiljøloven. Nyno: Vi viser til § 55 i arbeidsmiljølova, eller De/Du finn meir om dette i ..., eller Les meir om dette i ..., eller Sjå § 55 i ...
Nokre verb med -st-form har nærmast aktiv tyding: ferdast, finnast, høyrast, kjennast, lukkast el. lykkast, minnast, ottast, synast. Somme av desse verba har ikkje tilsvarande former utan -st. Eit par eksempel: Det finst inga løysing på denne oppgåva. Han syntest boka var interessant. Det har lykkast å finne eit alternativ.
Om nokre fleirtydige bokmålsord
I staden for å spørje kva det og det ordet heiter i nynorsk, bør ein leite seg fram til kva språkressursar nynorsken har og utnytte dei. Då vil ein oppdage at nynorsken har mykje å by på av verbal og annan uttrykksmåte som kan tene kommunikasjonen. Eksempel:
1 «Mulighet» (verbaluttrykk eller moglegheit, moglegskap, utveg, veg, råd, sjanse, von, løysing).
Bm: Ordningen gir mulighet til bedre innsikt i forbrukernes rettigheter.
Nyno: Ordninga opnar for betre innsikt i dei rettane forbrukarane har.
Bm: Den språkkyndige har mange muligheter i dag.
Nyno: Det står mange vegar opne i dag for den som kan språk.
Mange strevar med dette ordet «mulighet». Det heng ikkje minst saman med at det blir brukt så mykje i bokmål, og det som viktigare er, det dekkjer så vidt eit tydingsfelt. På nynorsk må vi sjå etter kva område / språkleg realitet «mulighet» i kvart tilfelle dekkjer, og innrette språkbruken vår etter det. Eit godt hjelpemiddel er å finne ut kva ein seier, eller spørje andre kva dei seier, og så skrive det. Lèt ein talemålet vere normgivande for korleis ein skriv, har ein godt håp om å nå fram til ein god språkbruk. Nokre eksempel til:
Bm: Det er ingen mulighet for å komme videre i denne saken.
Nyno: Det er ikkje råd å komme vidare i denne saka eller Vi kjem ikkje vidare i denne saka.
Bm: Det ble forsøkt alle muligheter for å komme til enighet.
Nyno: Alle utvegar blei prøvde for å nå fram til semje / til ei ordning / til einigheit.
Bm: Det ligger innenfor mulighetens grenser.
Nyno: Det kan gjennomførast / det er gjennomførleg / det let seg gjennomføre.
Bm: Det er mulighet for at ... Nyno: Det er grunn til å tru at ... / mykje taler for at ... / det kan hende at ...
Bm: Lånemulighetene er gode i dag. Nyno: Det er lett å få lån i dag.
2 «Antall» (tal (på), mengde, kor mange). Bm: Opplysningene går ut til et stort antall mennesker. Nyno: Opplysningane går ut til mange menneske. Bm: Antallet eksemplarer som skal sendes, bestemmes seinere. Nyno: Kor mange eksemplar som skal sendast, blir bestemt seinare. Bm: Antall plasser er begrenset. Nyno: Det kan bli knapt med plassar.
3 «Betydning» (betyd(n)ing, tyding, å ha å seie, å vere viktig). Bm: Først må ordenes betydning forklares. Nyno: Først må ein forklare kva orda betyr. Bm: Det er av stor betydning for barnas utvikling at de kan leike trygt. Nyno: Det har mykje å seie for korleis barna utviklar seg, at dei kan leike trygt.
4 «Ferdighet» (ferdigheit, dugleik, evne, øving, tame, god teknikk). Bm: Han viser sine ferdigheter. Nyno: Han viser kor flink han er. Bm: Prosessorientert skriving skal øke skriveferdigheten hos elevene. Nyno: Prosessorientert skriving skal utvikle/auke/styrkje skriveevna hos elevane / gjere elevane betre til å skrive.
Bm: Det er skolens målsetning å utvikle elevenes evner og ferdigheter. Nyno: Skulen har som mål å utvikle elevane åndeleg og kroppsleg og trene dei i å bruke det dei har lært. Bm: Tryllekunstneren viste sine ferdigheter. Nyno: Tryllekunstnaren viste kunstene sine / ferdigheitene sine / briljerte / alt han kunne.
5 «Henvendelse» (førespurnad, spørsmål, brev, søknad, rådspørjing, konsultasjon). Bm: Ved henvendelse til ... Nyno: Når ein vender seg til ... Bm: Henvendelse om oppgjør rettes til ... Nyno: Spørsmål om oppgjer kan rettast til ... Bm: Personlig henvendelse med skriftlig søknad og attester ... Nyno: Personleg frammøte med ...
Bm: Henvend deg til personalkontoret. Nyno: Ta kontakt med ... / gå innom …
6 «Oppmerksomhet» (oppsikt, (åt)gaum, omtanke, helsing, merksemd). Bm: Han vakte oppmerksomhet i flokken. Nyno: Han vekte oppsikt i flokken / Folk la merke til han. Bm: Barna trenger oppmerksomhet fra foreldrenes side. Nyno: Barna treng til at foreldra tek seg av dei. Bm: Han var glad for den minste oppmerksomhet. Nyno: Han var glad for den minste omtanke / berre nokon hugsa på han / at nokon kom han i hug.
7 «Uttalelse» (utsegn, fråsegn, ytring, resolusjon, høyring, uttale). Bm: Partene har avgitt uttalelse i saka. Nyno:
Partane har sagt si meining i saka / har lagt fram synet sitt i saka. Bm: Partene skal få saka til uttalelse.
Nyno: Partane skal få uttale seg i saka, skal få saka til høyring/uttale. Bm: Elevrådet vil avgi uttalelse.
Nyno: Elevrådet vil seie si meining om / leggje fram synet sitt på / vil uttale seg om.
I lista Bokmål → nynorsk finn du mange fleire eksempel på jakta etter uttrykksmåtar på nynorsk.
Ordval
Ei gangbar setning i bokmål er denne: Han foretok en undersøkelse av saken. Skal vi seie det same på nynorsk, slår vi gjerne opp på foreta og undersøkelse. Ingen av desse orda står i ordlista. Er nynorsk så fattig? Vi tenkjer oss om. I lista Bokmål → nynorsk finn vi at foreta heiter setje i verk, gjere, og undersøkelseheiter undersøking osv. Resultatet blir då på nynorsk: han føretok ei undersøking av saka. Dette er klønete og papirknitrande ordlegging.
Vi prøver oss på ein meir direkte måte å uttrykkje oss på. Vi merkar at den sentrale meininga i setninga ikkje blir uttrykt med verbet foreta, men med verbalsubstantivet undersøkelse. Undersøkelse er laga av verbet undersøke(nynorsk undersøkje eller undersøke), og vi kan enkelt og rett på sak seie: Han undersøkte saka.
Det vi har gjort, er at vi har trekt verbet ut av verbalsubstantivet og brukt det enkle verbet. Då slepp vi å ty til det innhaldstomme verbet foreta for å lage setninga. Andre slik nærmast innhaldstomme verb er: avgi, avlegge, finne sted, foregå, gjennomgå, iverksette, oppvise, påføre, utføre. Sjå etter kor mange av desse du finn i nynorsk form i denne ordlista!
Ei setning som den vi nettopp såg på, kan seiast på fleire måtar på bokmål. Vi nemner tre:
1 Han undersøkte saken (konkret og talemålsnært)
2 Han foretok en undersøkelse av saken
3 Han gjorde saken til gjenstand for undersøkelse (abstrakt og substantivrik ordlegging)
Nynorsk: Han undersøkte saka
Formuleringar som 2 og 3 møter vi ofte i offentleg språkbruk og i aviser og tidsskrift. Som oftast går det greitt å lage dei om til type 1. Viss vi skal seie setningar av type 2 og 3 på nynorsk, er det greiast først å lage dei om til type 1 på bokmål. Då er det lett å få dei over til nynorsk.
Vi prøver:
Bm (type 2): den mistenkte avgav forklaring i retten → bm (type 1): den mistenkte forklarte seg i retten → nynorsk: den mistenkte forklarte seg i retten. Bm (type 3): saken ble gjort til gjenstand for omtale i massemedia → bm (type 1): saken ble omtalt i massemedia → nynorsk: saka blei omtalt i massemedia. Finn fleire eksempel og diskuter kva som er den beste uttrykksmåten!
Klasse- eller gruppediskusjon: Kvar går det viktigaste skiljet i norsk språkbruk – mellom bokmål og nynorsk, eller mellom ein talemålsnær (type 1) og ein meir abstrakt og substantivrik språkvariant (type 3)?
Ord på an-, be-, -heit, -else
Ord med forstavingane an-, be- og etterstavingane -heit, -else valdar problem ettersom nokre av dei er godkjende i nynorsk og andre ikkje. Desse er no godkjende til bruk i nynorsk:
an- | be- | -heit | -else |
---|---|---|---|
anbefale | bebreide | allsidigheit | bakkelse |
anbefaling | bebreiding | alminnelegheit | begavelse |
anbod | bebuar | anstendigheit | beskyttelse |
anbydar | bedageleg | anvendelegheit | betennelse |
andakt | bedekkje | beskjedenheit | bevegelse |
andektig | bedekning | bevisstheit | forbindelse |
anerkjenne | bederva | bitterheit | fordøyelse |
anerkjenning | bedra | drektigheit | fornøyelse |
anfall | bedrag | dristigheit | følelse |
anfekting | bedragar | dumheit | hakkelse |
angi | bedrageri | dyktigheit | hevelse |
angivar | bedragersk | dødelegheit | hukommelse |
angrep | bedrift | einigheit | innflytelse |
angripar | bedrøva | elskverdigheit | oppstandelse (oppstyr) |
angripe | bedrøveleg | enkelheit | prøvelse |
angå | bedyre | ferdigheit | røykjelse |
anheng | bedømme | fleirspråklegheit | salvelse |
anledning | bedømming | frekkheit | skikkelse |
anlegg | bedøve | fordragelegheit | skuffelse |
anløp | bedøving | forfengelegheit | spøkjelse |
anmarsj | befal | forlegenheit | stiftelse |
annamme | befale | forsiktigheit | stivelse |
anordning | befaling | forstandigheit | størrelse |
anretning | befolkning | fortrulegheit | |
ansats | befrukte | fromheit | |
ansikt | befruktning | fruktbarheit | |
anskaffing | begavelse | fulheit | |
anslag | begeistra | godheit | |
anslagsvis | begeistre | griskheit | |
anslå | begeistring | grådigheit | |
anstalt | begjær | gyldigheit | |
anstand | begjærleg | haldbarheit | |
anstendig | begripe | hastigheit | |
anstendigheit | begripeleg | heftigheit | |
anstrengje (seg) | begynnar | hemmelegheit | |
anstøyt | begynne | hurtigheit | |
anta | begynning | hyppigheit | |
antakeleg | behag | høflegheit | |
antrekk | behageleg | innbilskheit | |
antyde (a-bøying) | behald | kaldblodigheit | |
antydning | behaldar | kostbarheit | |
anvende | behalde | kunstferdigheit | |
anvendelegheit | behaldning | landflyktigheit | |
anvisar | behandlar | leilegheit | |
anvise | behandle | lesbarheit | |
anvising | behandling | likegyldigheit | |
beherska | lovmessigheit | ||
beherske | lystigheit | ||
behjelpeleg | meinigheit | ||
behov | minnelegheit | ||
behovsprøve | moglegheit | ||
behøve | munterheit | ||
beklage | myndigheit | ||
beklageleg | narraktigheit | ||
bekrefte | nidkjærheit | ||
bekrefting | nyheit | ||
bekymre | nysgjerrigheit | ||
bekymring | nødvendigheit | ||
belage | nøyaktigheit | ||
belaste | offentlegheit | ||
belastning | openheit | ||
belegg | oppriktigheit | ||
beleggje | overflødigheit | ||
belyse | overlegenheit | ||
belysning | partiskheit | ||
beløp | plattheit | ||
bemanne | pålitelegheit | ||
bemanning | raskheit | ||
benåde | regelmessigheit | ||
benåding | reinslegheit | ||
beordre | riktigheit | ||
beordring | rimelegheit | ||
beredskap | romslegheit | ||
berekne | rådigheit | ||
berekning | saklegheit | ||
berykta | samstemmigheit | ||
berømt | sikkerheit | ||
berøre | sindigheit | ||
berøring | sjeldanheit | ||
besetning | sjåverdigheit | ||
besett | skjønnheit | ||
besifre | slappheit | ||
besifring | sluheit | ||
besjele | smidigheit | ||
besjeling | snillheit | ||
beskjed | spissfindigheit | ||
beskjeden | språkriktigheit | ||
beskrive | spydigheit | ||
beskriving | stadigheit | ||
beskytte | staheit | ||
beskyttelse | standhaftigheit | ||
beslag | stoltheit | ||
beslagleggje | sunnheit | ||
beslå | svakheit | ||
bestand | svimmelheit | ||
bestandig | særdelesheit | ||
bestemme | særeigenheit | ||
bestemming | sårbarheit | ||
bestemt | sårheit | ||
bestikk | takknemlegheit | ||
bestikke | tapperheit | ||
bestikking | tausheit | ||
bestille | tilbøyelegheit | ||
bestilling | tilfredsheit | ||
bestråle | tilgjengelegheit | ||
bestråling | tomheit | ||
bestøve | travelheit | ||
bestøving | trøysamheit | ||
bestå | tydelegheit | ||
besynderleg | tåpelegheit | ||
besøk | uanstendigheit | ||
besøkje | uhyrlegheit | ||
betakke | underbevisstheit | ||
betale | underdannigheit | ||
betaling | valbarheit | ||
betene | varigheit | ||
betening | vennlegheit | ||
betenkt | vennskapelegheit | ||
betennelse | verdigheit | ||
betent | verkelegheit | ||
betjent | viktigheit | ||
betone | vilkårlegheit | ||
betrakte | villigheit | ||
betrakteleg | vittigheit | ||
betraktning | ytterlegheit | ||
betutta | ærbarheit | ||
bety | ærbødigheit | ||
betydeleg | ærgjerrigheit | ||
betydning | ærverdigheit | ||
beundrar | ømfintlegheit | ||
beundre | ømheit | ||
beundring | ønskjelegheit | ||
bevare | øvrigheit | ||
bevaring | |||
bevege | |||
bevegelse | |||
bevendt | |||
beverte | |||
bevertning | |||
bevilling | |||
bevis | |||
bevise | |||
beviseleg | |||
bevisst | |||
bevisstgjere | |||
bevisstlaus |
Bruk av kløyvd infinitiv
Dette er ei liste over dei verba som får a-ending i infinitiv når ein bruker kløyvd infinitiv. Desse infinitivane får a-ending også når dei inngår i samansetningar som for eksempel avgjere, sysselsetje, tiltale. Dei som ønskjer å bruke den kløyvde infinitiven, må velje -a i dei orda som er førte opp nedanfor, og ikkje berre i dei orda der eigen dialekt har -a.
Sjå òg kapittelet Verb (Infinitiv).
aga | gremja | mata | spora |
aka | gropa | meda | spraka |
ala | gruna | moka | sprala |
ana | grysja | mola | spørja |
apa | gula | mona | spøta |
asa | gysja | mokja | staga |
baka | haga | nasa | staka |
bala | haka | nava | stava |
bana | hama | neva | steda |
basa | hata | olboga | stega |
beda | hava | para | stela |
belja | hela | pela | stota |
bera | hemja | pesa | streka |
betala | herja | posa | streta |
beva | hesja | prata | streva |
bevara | heta | raga | stynja |
blada | hevja | raka | styrja |
blika | hjala | rana | svada |
boda | hola | rapa | svaga |
bora | hom(m)a | rasa | svala |
bosa | hopa | reka | svara |
braga | hylja | remja | svemja |
braka | hysja | reva | sverja |
brasa | hølja | roda | svipa |
byrja | jaga | rydja | symja |
daga | kaka | rysja | taka |
dala | kara | saga | tala |
dana | kava | saka | tana |
delja | kjasa | sama | tapa |
detta | kjea | seda | tasa |
draga | klaga | seia | teia |
drepa | klaka | sela | tela |
drynja | kleda | selja | telja |
drysja | kløvja | semja | temja |
duna | knaka | setja/setta | tenja |
dvelja | knasa | sitja/sitta | tevja |
dynja | knisa | skada | timja |
dølja | knoda | skaka | tola |
eta | kola | skala | tora |
eva | kom(m)a | skapa | tosa |
fara | kraka | skara | treda |
fata | krasa | skava | trega |
ferja | krava | skilja | trota |
flaga | kreka | skipa | tvika |
flara | krevja | s(k)jaga | tvoga |
flas(s)a | krita | skjena | tysja |
flata | krota | skjera | umaka |
flota | kunna | skjøn(n)a | una |
flysja | kveda | skoda | uveta |
flytta | kvetja | skola | uvita |
fola | kvika | skora | vada |
freda | kvima | skota | vaka |
frega | lada | skrapa | vara |
fremja | laga | skrata | vasa |
froda | lapa | skreva | vega |
gaga | lata | skul(l)a | velja |
gala | lava | skvala | venja |
gana | le(d)a | skylja | vera |
gapa | leka | slava | verja |
gilja | lem(m)a | sleva | veta |
gjera | lemja | smaka | veva |
gjeta (tippa; seia; gidda) | lepja | smala | vevja |
gjeva | lesa | smørja | vilja |
glada | leta | snaka | vima |
glana | leta | snara | vita |
gleda | lova | snasa | vraka |
gluma | luta (dela) | sova | ylja |
gnaga | maka | spada | yrja |
gnika | mala (knusa) | spara | ølja |
gova | mana | spekja | åtvara |
grava | masa | spela |